Set i gang kronerulling for nytt orgel

Det eksisterande orgelet i Kvinnherad kyrkje held ikkje mål, og må bytast ut. Det skal mellom andre denne gjengen prøva å bidra til: Frå venstre: Restauratør Arjen Stork, organist Reidar Algerøy, sokneprest Kjetil Kringlebotten, nestleiar i Kvinnherad sokneråd Arne Martin Guddal Husby, medlem i soknerådet Solfrid Siqveland Hellesøy og kantor Eva Megyesi.

Det eksisterande orgelet i Kvinnherad kyrkje held ikkje mål, og må bytast ut. Det skal mellom andre denne gjengen prøva å bidra til: Frå venstre: Restauratør Arjen Stork, organist Reidar Algerøy, sokneprest Kjetil Kringlebotten, nestleiar i Kvinnherad sokneråd Arne Martin Guddal Husby, medlem i soknerådet Solfrid Siqveland Hellesøy og kantor Eva Megyesi.

Artikkelen er over 2 år gammel

Kyrkjeorgelet i Kvinnherad kyrkje er ikkje eit spesielt godt orgel, og det spelar på siste verset. No ønskjer initiativtakarar å byta det ut. Men først må fem millionar kroner på plass.

DEL

Kyrkjeorgelet i Kvinnherad kyrkje blei bygd på ein orgelfabrikk i Oslo i 1950. Fabrikken hadde mange bestillingar på orgel med kort leveringstid, til kyrkjer som skulle byggast opp att etter krigen. I 2014 besøkte orgelkonsulent og organist Karstein Askeland Kvinnherad, saman med historikar Hans Emil Lidén. Rapporten frå besøket var klar, orgelet i Kvinnherad-kyrkja har ein konstruksjon og eit klangkonsept som ikkje er musikalsk eller kunstnarleg fundert. Utbetringar av orgelet vil ikkje hjelpa, var konklusjonen.

– Vi ønskjer oss eit orgel med betre klang og fylde. Eit orgel som er mogleg å spela verk på som er komponert for nettopp orgel. Det kan vi ikkje med dette orgelet. Det er rett og slett ikkje eit særleg godt orgel, fortalde kantor Eva Megyesi og organist Reidar Algerøy.

Onsdag hadde nemnda for nytt orgel invitert til pressekonferanse for å fortelja om planane deira.

– Kvinnherad kyrkje er ei gamal og staseleg kyrkje, sjølvaste Kvinnheraddomen. Den fortener eit orgel som er den verdig. Det eksisterande orgelet er dårleg, og vil ikkje vara spesielt mykje lenger. Vi treng eit orgel som er i god nok stand til å vara dei komande hundre åra, minst, sa Solfrid Hellesøy Siqveland, medlem i Kvinnherad sokneråd.

Anbodsrunde

Ho viste til at eit nytt orgel vil vera til glede for alle som nyttar kyrkja i små og store anledningar. Dåp, bryllaup, gudstenester og større arrangement som konsertar og liknande vil få eit betydeleg løft med eit orgel som har eit fullverdig estetisk uttrykk.

Soknerådet skal stå ansvarleg for prosjektet i lag med Kvinnherad kyrkjelege fellesråd. Først ut på planen er å skaffa 100.000 kroner til eit forprosjekt. Dette for å leggja grunnlag for anbodsrunden, som skal gi endeleg pris på nytt orgel. Initiativtakarane estimerer ein pris på rundt fem millionar kroner for sjølve orgelet.

– Vi skal sjølv gjera ein del ting for å få samla inn midlar til forprosjektet. I september held vi ein barnekonsert, og 31. oktober blir det ein storkonsert med mange lokale kor. Veldig kjekt at kor i heile kommunen engasjerer seg, det viser at dette er noko mange ønskjer seg og vil setja pris på, sa Megyesi.

Men prosjektet vil framleis ha bruk for mykje meir midlar. Prosjektgruppa vil søkja kommunen, fylkeskommunen og fond, men kjem òg til å setja i gang ei kronerulling. Dei set òg si lit til private sponsorar.

– Vi håpar at ideen om eit nytt orgel kyrkja verdig vil tenna ein gneist hos mange folk der ute, slik at vi kan klara å finansiera dette, smilte Siqveland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags