Det nærmar seg søndagen for NRK sin storstila og landsomfattande TV-aksjon og "årets viktigaste søndagstur". Den lokale aksjonskomiteen treng bøsseberarar i alle bygdene til søndag 21. oktober, dagen då alle hus får bøsseberarar på besøk. Pengane går til Kirkens Bymisjon som har til mål å skapa eit varmare samfunn med langt fleire møteplassar for menneske som av ulike årsaker har falle utanfor. «Mindre alene sammen» er aksjonsnamnet og mottoet i år.

Men for at aksjonen skal bli vellukka, trengst bøsseberarar i fleng, i alt 150 stykk. Nyleg kalla den lokale aksjonskomiteen inn til pressekonferanse for å fortelja om aksjonen. Ordførar Peder Sjo Slettebø er komitéleiar, medan Veronica Thorkildsen Thorsen på Frivilligsentralen koordinerer arbeidet.

– Vi håpar at mange vaksne melder seg som bøsseberarar til dei to timane det gjeld søndag ettermiddag. Aldersgrensa er 18 år, men regelen er ikkje heilt firkanta. Håpet er at mange ønskjer å ta del i den store fellesdugnaden denne dagen, sa Thorsen.

Frivillige bøsseberarar kan registrera seg på nettsida blimed.no, eller ta direktekontakt med Frivilligsentralen.


Enkelt å gi

Alle husstandar får besøk på døra søndag 21. oktober. Komiteen ønskjer helst kontante pengar i bøssene, men har opning for at ein også kan bruka Vipps eller betala inn til aksjonskontoen på andre måtar.

Bedrifter vil bli spesielt utfordra til å delta i dugnaden.

– Det blir nok ein ringerunde nokre dagar i førevegen i år òg. Også politikarane og kommunen vil bli oppmoda om å gi litt ekstra, lova ordførar Slettebø.

– Målet er å gjera det betre enn i fjor, og ikkje minst gi meir per innbyggjar enn Stord, la Thorsen muntert til.


Kampen mot utanforskap

Den offisielle aksjonsinformasjonen fortel om følgjande nedslåande tilhøve i landet vårt:

150.000 menneske hadde ikkje nok å eta i fjor, eitt av 10 barn veks opp i fattigdom, berre to prosent av innvandrarane har besteforeldre i Norge og heile 70.000 menneske har ingen nære, fortrulege eller vener å snakka med når dei treng det.

Kirkens Bymisjon vil gjera noko med dette. Målet er at desse menneska som av ymse grunnar er utanfor, skal få ein betre kvardag.

– Dette skal vi gjera ved å organisera møte på tvers av generasjonar og kulturar, seier Kirkens Bymisjon.

Innvandrarar er ei prioritert gruppe. Bymisjonen ønskjer å organisera fleire møte mellom innvandrarar og norske for å sikra eit utvida nettverk, at ein gjer ting saman og at ein blir betre i norsk.

– Alle skal få høve til å ta del i eit inkluderande fellesskap, seier bymisjonen i informasjonsfaldaren sin.

I tillegg til inkludering er Kirkens Bymisjon også opptatt av andre som kan falla utanfor, for eksempel grunna rus, psykisk helse eller fråfall i skulen. Noko av det bymisjonen kan bidra med er mat, overnatting, møteplassar og hjelp til å skaffa seg arbeid.


Kulturarrangement

Også i år blir det eit internasjonalt og dugnadsbasert kulturprogram i Kulturhuset Husnes fredagen to dagar før aksjonsdagen. Her blir det både mat, underhaldning og høve til å gi ein slant til aksjonen, for dei som kan klara det. Arrangementet er gratis og ope for alle. Innvandrarar er spesielt velkomne. Frå innhaldet nemner Thorsen ein stor, felles bli med-dans, appell av elevar frå Undarheim skule, musikk av elevar i kulturskulen og bidrag frå innvandrarar. Dette blir ein «korgafest» der alle vert oppmoda om å ta med seg litt mat til ein felles buffé. Sektorleiar Anne Sofie Bjelland Kjeka blir festleiar.

– Vi trur dette kan bli ein utruleg kjekk måte å bidra til betre integrering på, sa Thorsen i håp om at mange stiller.