Innstiller på å auka bidraget til Samarbeidsrådet: – Ein sats som ikkje har vore endra sidan selskapet blei etablert

Kommunedirektøren innstiller på å akseptera ein auke i det faste tilskotet til Samarbeidsrådet for Sunnhordland, men peiker samstundes på at Kvinnherad kommune har forventingar til at rådet gjer tiltak for å betra driftsbalansen.