Stor suksess med ny møteplass

Det var tydeleg at ein møteplass for integrering var eit etterlengta tiltak. Onsdag kveld møtte 43 personar opp til den første møteplassen i Røde Kors-huset på Husnes.

Det var tydeleg at ein møteplass for integrering var eit etterlengta tiltak. Onsdag kveld møtte 43 personar opp til den første møteplassen i Røde Kors-huset på Husnes.

Artikkelen er over 4 år gammel

Arrangørane var overvelda då over førti personar frå ulike nasjonar møtte til den første samlinga for prosjektet «Møteplass for integrering» onsdag kveld.

DEL

Den første møteplassen blei arrangert i kjellaren på Røde Kors-huset på Husnes. Initiativtakarane Vigdis Gammelsæther og Elisabeth Berg Hass i Kvinnherad Røde Kors leia møtet, som opna med eit musikalsk innslag av Kari Eide som song og spelte fiolin saman med Hallgjerd Hegland på keyboard. Adam Waiman frå Tsjetsjenia fortalde forsamlinga korleis han har opplevd å komma til Kvinnherad, og delte sine tankar om integrering. Etterpå blei det samtalar og idémyldring til kva møteplassane kan innehalda av aktivitetar. Mange av flyktningane ytra ønskje om ulike aktivitetar dei ønskjer å ta del i, alt frå sykling, fisking og fotballspel til matlaging, kafébesøk og konsertar. Men mange av dei veit ikkje heilt kor dei skal oppsøkja informasjon for å ta del i aktivitetane, og målet med å skapa ein slik møteplass for integrering, er at dei skal knyta kontakt med lokalbefolkninga slik at terskelen blir lågare for å delta i samfunnet.

Kristine Frøystein Reime var med på møteplassen onsdag kveld. Ho bur i Herøysundet, og har fått god kontakt med mange av flyktningane som er busett i dei kommunale bustadane i bygda.

– Dette er eit supert initiativ, og møteplassen i dag gir eit godt utgangspunkt for å engasjera fleire. I desse tider treng ein fleire kvinnheringar som tar kontakt og engasjerer seg, det vil komma fleire flyktningar og innvandrarar til kommunen vår i tida som kjem.

Ho kom også med eit innspel som kan vera verdt å ta med vidare:

– Eg meiner informasjon gir eit grunnleggjande utganspunkt for samtale, og det er lett å la vera å forholda seg til tilflyttarar om ein ikkje veit noko om dei. «Travle Kvinnheringar» skulle fått eit lite ark i posten med informasjon om dei som har flytta til deira bygd, med namn, språk, interesser dei har, og liknande. Då har ein lettare for å ta kontakt med dei, og eg trur fleire ville ha engasjert seg om dei hadde litt grunnleggjande informasjon om familien/personen som vil in-tegrast, meiner ho.

16. mars blir det ny laga til ny møteplass, i mellomtida oppmodar initiativtakarane folk om å møtast på eiga hand. Om nokon ønskjer å bidra i integreringsarbeidet er det berre til å ta kontakt med Gammelsæther eller Berg Hass, eller sjekka ut Facebook-gruppa «Møteplass for integrering».

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken