Snart er det klart for den årlege «Interiør & designmessen» i Bergen. Den blir spennande, lovar arrangøren.
Messa går av stabelen i storstova Grieghallen helga 21. til 23. september. Kvinnheringen Trude Vaaga er ein av dei sentrale personane som står bak. Ho har sendt oss ei pressemelding som fortel litt om den innhaldsrike sals- og publikumsmessa i år.
– Messa byr på det beste innan design, sterke personar og viktig fagkunnskap, og har på kort tid blitt ein av dei viktigaste publikumsarenaene for presentasjon og sal av møblar og produkt, hevdar Vaaga i pressemeldinga.
Nytt og større
Nytt av året er at messehallen vert flytta frå underetasjen i Grieghallen til første og andre etasjen i spissen av bygget.
– Messa får derfor eit solid visuelt løft, og den ligg svært lett tilgjengeleg for folk flest. Store vindauge frå topp til tå vil gi rikeleg med dagslys inn i hallen, og utstillarane får ei fantastisk ramme til å visa og selja produkta sine i, står det å lesa.
Noko for alle
Den svenske stylistduoen Sundling Kicken, Finn Schjøll, ryddedronninga Synnøve Skarbø og visesongar og poet Trygve Skaug er bare nokre av dei som deltar i årets messeprogram. Unge lovande designarar, som blant andre Fredrik Bull, er òg sterkt involverte med eiga utstillingssone. Fakultetet KMD, avdeling design, skiltar i år med ein stand like ved inngangspartiet. Ikea er òg med.
– At Ikea vel å stilla ut på messa er eit viktig teikn på at arenaen gir rom for gode møte med publikum. IKEA planlegg ein sentral stand med dei beste interiørdesignarane, som gler seg til å gi besøkjande innreiingshjelp.
Messehallen er elles spekka med interiør- og designforhandlarar i Bergen.
Basar
Trude Vaaga fornektar ikkje halsnøybuen i seg. I alle fall står ein skikkeleg basar på programmet – til inntekt for eit hjarteprosjekt på Filippinane.
– Messa skal i år relansera den gode gamle vestlandske basar-tradisjonen og ønskjer å legga til rette for ein storslått designbasar. Det er inngått eit samarbeid med «DesignBasar By P4» som er leia av Mia Åkerlund. Alle utstillarane i Grieghallen vil bidra med designprodukt til basaren, og det engasjerer ekstra når design kan kombinerast med omsorg på denne effektfulle måten. All inntekt går uavkorta til Åkerlunds hjarteprosjekt «Rejoice Village», og Eli Kari Gjengedal, kjend frå TV2, er henta inn som basarvert, reklamerer Vaage, som har god tru på at messa i år blir ein suksess.