– Ta med deg matkorga di og kom!

Ny kulturfest i samband med tv-aksjonen er i vente fredag 18. oktober i Kulturhuset Husnes. Bildet er frå fjorårets fest.

Ny kulturfest i samband med tv-aksjonen er i vente fredag 18. oktober i Kulturhuset Husnes. Bildet er frå fjorårets fest. Foto:

Både mat og kultur vert henta opp frå korgene på den internasjonale kulturfesten i Kulturhuset Husnes fredag.

DEL

Fredag inviterer den lokale aksjonskomiteen for årets TV-aksjon til fest, slik den har gjort dei siste åra.

– Her blir det mat, appell, dans og musikk frå heile verda, lokkar Veronica T. Thorsen i ei pressemelding frå komiteen.

Alle er velkomne, og inngangsbilletten er å ha med seg litt mat til det store matbordet.

I år er det elevar frå Undarheim skule som skal halda appellen knytt til innsamlingsaksjonen, som dette året går til hjelpeorganisasjonen Care og arbeidet med å gi fattige kvinner eit betre liv. «Det er hennes tur» heiter aksjonen i år.

Fleire elevar frå kulturskulen bidrar med musikk, mellom andre det flotte Marimba-orkesteret. Diktlesing, fellesdans og song blir det òg. Elevar frå Halsnøy ungdomsskule er blant dei som bidrar med song. Kommunaldirektør Ragnhild Bjerkvik er henta inn som konferansier.

Dei som ønskjer å støtta aksjonen med nokre kroner, får høve til det ved utgangen.

– Invitasjonen er open, og arrangementet er gratis. Vi vonar å få til ein varm og inkluderande internasjonal kulturfest. Tidlegare år har det vore «stinn brakke», så her er det berra å ta turen, freistar Thorsen i pressemeldinga.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags