«Riktige og viktige tiltak må setjast i verk for å redusera klima-gassutsleppa og energiforbruket på alle område»

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

Av
DEL

MEININGARInterpellasjon om klimakrisa:

Klimakrisa er definitivt til stades! Konsekvensane er sterkast og tydelegast i land som har svak økonomi og ligg utsett til for kraftige stormar, tørke og sterke regnskyll. Det gjev ubotelege skader der liv går tapt og heimar forsvinn.

Også her til lands har me allereie opplevd hyppigare «hundreårsflaumar», kraftige stormar langs kysten og tørkesomrar på grunn av eit varmare, villare og våtare ver. Me må bu oss på at Kvinnherad vil få merka kva forverringa av klimaet vil få av konsekvensar for innbyggjarane. Ras, flaum og storm kan øydeleggja viktig infrastruktur som veg, kommunikasjon, vassforsyning og straum.

Kommunen må auka sitt engasjement for å forsøkja å bremsa opp utviklinga. «Riktige og viktige tiltak må setjast i verk for å redusera klimagassutsleppa og energiforbruket på alle område», t.d. transportsektoren, næringsverksemder, primærnæringane og turisme.

Kommunen sitt ansvar vert å leggja til rette for og stimulera til dei naudsynte endringane:

• Berekraftig turisme med kyststiar, gang – og sykkelvegar langs heile kommunen, turistbåthamner med elektrisitet og etter kvart alternativ energiforsyning.

• Gjera det enklare å nytta alternativ til bensin og diesel. Hydrogentank, fleire el–stasjonar.

• Stimuleringstilskot/tiltak til etablering av næringsverksemder som nyttar «kortreist» produksjonsressursar frå t.d. primærnæringane.

• Solceller på alle kommunale bygg over ein viss storleik.

• Stimuleringstiltak for bedrifter som ønskjer å nytta alternativ energi.

• Nytta avfall frå primærnæringar til ny energiressurs.

Dette er døme på tiltak som kan utgreiast og setjast ut i livet. Det er viktig at kommunen viser retning og finn insentiv som kan påskunda ei endring. Det kan gje inspirasjon til einskildpersonar, myndigheiter og bedrifter.

Eg har tru på «gulrot» framfor «pisk». Det må opplevast positivt både med tanke på økonomi og miljø.

Hege Lægreid Røssland

Gruppeleiar Kvinnherad SF

Artikkeltags