Gå til sidens hovedinnhold

Inviterer 6-åringar til skulestartsamling i kyrkja

Skulestart er ei viktig hending i familien, både for born og vaksne. Kyrkja i Kvinnherad inviterer derfor alle 6-åringane i kommunen til samlingar, der dei får utdelt boka «Tre i eit tre» som handlar om Erlend, Tuva og Stian og alt dei opplever som 6-åringar.

Med omsyn til smittevern blir det fleire samlingar, og først ut er førsteklassingane ved Valen skule som skal ha samling førstkommande tysdag ettermiddag i Valen kyrkje.

Førsteklassingane på Undarheim skule skal ha samling torsdag ettermiddag i Valen kyrkje.

Kyrkja i Kvinnherad skriv i pressemeldinga at det står feil nettadresse for påmelding i invitasjonane som er sendt ut. Den rette er: www.kvinnherad.kyrkja.no.

Dei som vil delta må melda seg på minst to dagar før samlinga.

Les også

Kom deg ut på søndag og få med deg bruopning på Helland, tur på Halsnøy eller tur i Rosendal

Kommentarer til denne saken