Gå til sidens hovedinnhold

Inviterer fylkesmannen på synfaring

Artikkelen er over 2 år gammel

Ordførar Peder Sjo Slettebø har engasjert seg i saka til det unge paret som ikkje får dispensasjon til å skilja frå tomt og byggja hus på slektsgarden på Sandvoll.

Kvinnheringen skreiv i vinter om det unge paret, Rita Handeland (27) med sambuar, som har flytta heim til Kvinnherad og vil byggja hus på slektsgarden hennar på Handeland. For å få setja i gang med bygginga, måtte tomta delast frå sjølve garden. Forvaltningskomiteen i Kvinnherad kommune såg positivt på dette, då tomta er bratt og lite eigna for dyrking.

Les også

– Trekkplasteret for å flytta heim var tomta på heimegarden

Fylkesmannen i Hordaland påklaga vedtaket, men kommunen heldt på sitt. Fylkesmannen i Rogaland blei då sett som settefylkesmann, og gjorde om vedtaket til kommunen. Ordførar Peder Sjo Slettebø har no engasjert seg i saka og invitert fylkesmannen på synfaring:

– Eg har sjølv vore på synfaring på den aktuelle garden og sett tomta Handeland søkte om å dela frå. Eg kan ikkje under noko omstende sjå at argumenta fylkesmannen nytta for å gjera om vedtaket er rimelege.

Rita Handeland og sambuaren har halde på med saka i over halvtanna år no.

– Åleine blir vi hjelpelause mot eit så stort system, så vi er veldig glade for at ordføraren engasjerer seg, seier ho.

Rita ventar no i spenning på vidare utvikling i saka, og håpar sjølvsagt på positivt svar.

– Eg er optimist og har endå ikkje godtatt avslaget. Det blir rett og slett for dumt om vi ikkje skal få byggja hus på tomta.

Folketalsnedgang

– Eg opplever, mellom anna i denne saka, at fylkesmannen ikkje er ein medspelar for distriktskommunane.

Ordføraren peiker på at Kvinnherad kommune opplever folketalsnedgang, og at det då er viktig å leggja til rette for at unge menneske med tilknyting til Kvinnherad vil flytta attende til kommunen etter ferdig studietid. Han har no invitert fylkesmannen til synfaring på tomta ved å senda brev til landbruksdirektøren, i håp om å prøva å få fylkesmannen til å vera open for dialog.

Kvinnheringen tok kontakt med saksbehandlar hos fylkesmannen, som har notert seg at landbruksdirektøren i Førde har mottatt brevet til ordføraren, men at det er for tidleg å seia noko meir om saka.

For ordens skuld vil vi opplysa lesaren om at sambuaren til Rita Handeland, Håvard Røyrvik, jobbar som journalist i Kvinnheringen. Han har ikkje vore involvert i arbeidet med artikkelen eller redaksjonen si vurdering av prosessane rundt denne.

Kommentarer til denne saken