«Hei, alle de som er glade i Husnes. 30. mai har vi lyst å rydda litt i parken. Dei som har lyst å vera med, er hjarteleg velkomne».
Slik innleiar Heidi Sande Gertz invitasjonen til husnesfolket.
Det er første gong Husnes Pryd inviterer til ein større fellesdugnad. Gertz håpar mange tar turen for bidra i Husnesparken.
– Eg synest Husnes er ein strålande fin plass. Eg er blitt skikkeleg glad i plassen, og det trur eg mange er. Då er det kjekt å møtast og vera sosiale, og gjera noko for felles trivsel. Eg kjem iallfall til å laga kaffi, så håpar eg mange tar turen. Å gjera noko for alle trur eg dei fleste likar. Det har eg trua på, lokkar Gertz.
Ho opplyser at planen er å pynta opp med planter rundt paviljongen i parken. I tillegg skal det ryddast ved bensinstasjonen og i skogområdet ovanfor hotellet. Ho fortel at dei ikkje får planta alt som skal plantast på den komande dugnaden, og at det derfor blir ny dugnad i juni.
– Elles er vi i dialog med SIM om å få pynta opp litt bak Europris. Vi prøver å få opp noko som skal skjerma konteinarane som står der, fortel Gertz i Husnes Pryd til Kvinnheringen.