Ditt Kvinnherad: Basaren er det Røyrvik Grendalag som held. Pengane som kjem inn skal brukast på ny leikeplass til ungane i Røyrvik. Det er no over 20 barn under 15 år i Røyrvik. Målet er gapahuk, benkar, disser, sandkasse og ballplass. Tomt til leikeplassen har me fått, men denne må opparbeidast frå grunn av som ein ser av bilde.
Me har hatt ein dugnad der me fekk rydda skog og kratt, men no må det maskinar, grus og massar til. Me håpar så mange som mogleg vil støtta leikeplassen vår med å komma på basaren.
Me er overvelda over givargleda me har møtt i arbeidet med å skaffe gevinstar! Så her vert det store vinnarsjansar og ikkje minst særs flotte premiar! Sjå døme her:
Gåvekort frå Color Line for bil og fem pers. til Danmark, 2 døger på cruise for 4 personar til ein verdi av 2000 kr. frå Fjordline, treretters middag for to på Haaheim gard, køyretimar, smoothie-blender frå Power, gåver frå Clas Ohlson, Fargerike, Husnes Røyr, korg med mykje godis frå Oil-Comm, Gåvekort frå Vaage gartneri, gevinst frå Galleri Giga, Fem høns, Peppes Pizza, kvit dame frå Yngves, hår og hudpleieprodukter frå apoteka og frisørane våre, dagpass i skitrekket på Vågslid. Dobbel hagebenk, hagefigurar, mange gåvekort på til dømes pengebeløp, 2x dekkskift og bilvask. Mykje flott heimestrikka. I tillegg til dagpass til ulike arrangement og gåvekort på middagar.
Det er ikkje plass til å føra opp alt, så KOM – vinnarsjansane er store! Estimert verdi av alle premiane er over 20.000 kroner.
Det blir også sal av kaffi, kaker og brus. Årar og loddsal på bok.
Jannice Rasmussen,
medlem i grendqlaget.