Gå til sidens hovedinnhold

Inviterer til konsert med «salte songar og kuling i kasta» på Halsnøy kloster

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag kveld 2. september kjem Gabriel Fliflet tilbake til Halsnøy kloster. Denne gongen med konserten «Fyr og flamme» saman med Richard Burgess og gjest Per Olav Kaldestad.

Halsnøy kloster skriv følgjande om konserten i pressemeldinga: «Engelske shanties frå seglskutetida, vestlandske hav-valsar, livlege låtar frå Shetland og songar av skottane sin elska Robert Burns – på norsk».

Konserten krinsar kring Nordsjøens kystar og er spesielt laga for å framførast i havgapet, gjerne på eit fyr, og alltid med flammande kraft i song og spill. Og sjølvsagt drar dei to venene publikum med på varmande allsong når tida er inne!

Richard Burgess er engelskmannen som kom til Norge i 1976 med ein ryggsekk og ein gitar – og som er her enno. I mellomtida har Burgess markert seg som ein særprega visesongar og folkemusikar, med ei malmfull stemme som han akkompagnerer med gitar og concertina. Han opptrer både solo og i grupper som Doggerland, FatDog og Foghorn. Han er også skribent, lærebokforfattar og ein hyppig nytta kåsør.

Gabriel Fliflet er ein nysgjerrig musikar med trekkspel som hovudinstrument og song og piano dertil. Mange kjenner han frå samarbeidet med trommeslager Ole Hamre, frå kvartetten Novgorod eller nokre av Gabriel sine mange bestillingsverk og prosjekt, som Elvemot, Åresong (med dikt av Jon Fosse), Valseria og Rose (Robert Burns på norsk). Gabriel har samarbeidd med eit utal leiande folkemusikarar som Berit Opheim, Odd Nordstoga og Gjermund Larsen.

Gabriel og Richard har spelt i lag i mange år, mellom anna som medlemmer av verdas einaste fransk-britisk-norske folkemusikkgruppe: Five Men in a Boat.

Lokale Per Olav Kaldestad blir med Fliflet og Burgess som gjest på konserten.

Halsnøy kloster opplyser elles at grunna avgrensa plassar må publikum førehandskjøpa billett til konserten på klosteret sine nettsider.

Les også

To kvinnheringar har fått plass på landslag: – Veldig stas for ein liten klubb som vår

Kommentarer til denne saken