TV-aksjonen 2019 går av stabelen førstkomande søndag, og går i år til Care sitt arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i nokon av dei mest sårbare områda i verda. TV-aksjonen skal gje kvinner høve til å tena eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få stemma si høyrd. Kommunestyret vedtok tidlegare i haust å gi tre kroner per innbyggjar til TV-aksjonen. Og no er kommunen vert for arrangementet «Mat med meining».
– Førstkomande onsdag skal tre syriske og kurdiske damer laga spennande matretter, som vi sel i rådhuskantina. Alle er velkomne, og inntektene går til TV-aksjonen 2019, seier kulturkonsulent Anita Lykkja i Kvinnherad kommune.