Gå til sidens hovedinnhold

Inviterer til protestaksjon mot vindkraftutbygging

8. oktober blir det vardebrenning over store delar av landet, melder Annemor Ekeland, talskvinne for «Nei til vindmøller i Kvinnherad». 

I Kvinnherad vil vardebrenninga skje på Sjethaug i Rosendal fredagen klokka 18.

– Det blir ei stor, nasjonal markering. Ein protestaksjon mot vindkraftutbygging. Vardebrenning har vore ein tradisjon i Norge sidan 1300-talet når ein ser farar koma, fortel Ekeland til Kvinnheringen.

– Sjethaug er lett å komma seg opp til, og ein stad der vardebrenninga blir godt synleg frå. Vi oppmodar så mange som kan til å komma og vera med på det som blir ei sterk og minnerik markering, seier Ekeland, og lokkar med ulike innslag, appellar og underhaldning.

Protestaksjonen er organisert gjennom Motvind Norge.

Les også

SKL har søkt om å få endra frå borehol til nedgravne røyr i kraftverkutbygging – det er turlaget ikkje fornøgd med

Kommentarer til denne saken