Maria Malmsten har jobba i Kvinnherad dei siste 20 åra. Ho dirigerer fire store kor, blant anna Husnes blandakor og Røysterett for alle i Uskedalen. I tillegg til dette er ho song-og dramapedagog i kulturskulen i kommunen her, og leier vokalensemblet Glimrah.

– Vi er sju kvinner i ensemblet som skal syngja i Husnes kyrkje. Dei seks andre kvinnene er frå ulike plassar i Kvinnherad, men eg kjem hit for å syngja med dei. Vi syng alt frå songar frå middelalderen og renessansen til nyare musikk.

Ho legg til at ensemblet har jobba saman i seks år no, og at det alltid har vore ein tradisjon for dei å bada etter øvingane og konsertane.

– Vi syng berre a kapella, og øver i fleire timar, så det blir jo litt varmt for oss etter ei stund. Det er alltid forfriskande å bada etter øvingane, ler ho.

Sommarkonserten i Husnes kyrkje er ein av dei siste for i år, og Eva Megyesi er organist. Eva skal sjølv spela to stykke under konserten, før ensemblet til Maria tek over.

Glimrah skal synga to verk frå komponist Kjersti Follesø, som kjem frå Bergen, men som jobbar som lege på Stord. På fritida skriv ho mykje musikk.

– Vi gler oss veldig til å framføra desse songane, og håpar flest mogleg kjem. Vi har tatt forholdsreglar når det gjeld smittevern, så det skal vera trygt å møta opp, avsluttar Malmsten.