– Vi skal halda konsert for Ukraina fordi det er krig der og fordi dei som bur der treng hjelp.
Det forklarer Vilje Helene Hesjedal, songar i Rosendal barnekor.
Koret, som er medlem i Norges søndagsskuleforbund, har invitert til støttekonsert i Kvinnherad kyrkje den 3. april. Korleiar Solfrid Hellesøy Siqveland fortel at det blir gratis inngang, men at dei kjem til å ha innsamling av pengar ved utgangen og på Vipps. Pengane skal gå til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Ukraina.
– Vi håpar at folk bidrar etter evne og med glede, seier ho, og legg til at dei gjerne vil ha kulturelle bidragsytarar.
– Viss nokon har lyst til å bidra under konserten med song, dans, musikk eller anna set vi stor pris på det! Ta kontakt med meg i så fall, seier Siqveland.
Krigen i Ukraina vekkjer engasjement blant store og små, og på konsertøvinga skjønar vi at også denne gjengen, som er mellom 6–10 år, har tankar om dette triste emnet.
– Kvifor vil han der Putin øydeleggja eit land og skada folk? Krig er dumt, seier dei.
Koret gir oss òg ein liten forsmak på dei søndagsskulesongane dei truleg kjem til å framføra under konserten, og her er sjangeren brei, frå meir rolege lovsongar til rapp/hiphop.
– Dette kjem til å bli gøy, så vi håpar mange tar turen, seier koret.
