Gå til sidens hovedinnhold

Inviterer til tur langs buførevegen Reisete – Botsvatn

Artikkelen er over 1 år gammel

29. august inviterer Odda/Ullensvang Turlag og Kvinnherad Turlag til ny tur.

Reservedatoen er dagen etter, 30.august. Dei påmelde vert varsla om kvelden den 28. august viss turen må flyttast eller avlysast, opplyser Kvinnherad Turlag i ei pressemelding, og legg til at turen ikkje blir gjennomført viss vêret er dårleg.

Turen startar på Reisete i Vikebygd (Nå/Bleie) om lag 300 moh. og endar på stølen Botsvatn i Krossdalen ved Jondal. Følgjet går såleis frå aust mot vest. Dette var vår-retninga for dei som i tidlegare tider førte buskapen mellom stølsbeitet ved Jondal og heimegardane Kambastad og Måkastad ved Sørfjorden.

Sidan 2012 har det vore arbeidd med istandsetjing av det gamlekulturminnet som Buførevegen representerer. Etter initiativ frå Buførevegensvener i Vikebygdkrinsen og folk frå Jondal har vegen vorte merkt og skilta, og sherpaer frå Nepal har steinsett lange parti av vegen i liene på aust- og vestsida av fjellet. På høgfjellet har dei bygd ei rekkje høge retningsvardar. Det vert rikeleg med tid undervegs på turen til å studera det flotte arbeidet desse fjellfolka har utført.

Sjølve turen tek 9 timar, og stien går opp i 1400 meters høgd. Frå Reisete fører først ei lang oppstiging til Eggje, ca. 1100 moh. før terrenget flatar ut. Oppover lia høver det med fleire stopp, ikkje berre for å kvila, men også for å nyta utsikta over Sørfjorden, omkransa av grender og gardar.

Dei neste 300 høgdemetrane til toppunktet inne på høgfjellet, Klokkarane, er slakkare og gjev flott utsyn mot nordenden av Folgefonna og fjella mot nord og vest. Her skil Buførevegen lag med Pilegrimsvegen som tek ei litt anna retning. I dette området går ein etter ei stund på snaufjell eller på lange snøfenner. Frå toppvarden hallar lendet roleg nedover att, men ein må før den endelege nedstiginga passera ei lita høgd for å runda foten av fjelltoppen Jonstein. Nedturen til målet, stølen Botsvatn på 660 moh., er ikkje av dei brattaste.

På bakgrunn av lengda på turen og nokså mange høgdemeter som må forserast, må turen graderast som ekstra krevjande etter dei vanlegaste graderingskriteria. Turlaga minner om dette, men vil ikkje skremma folk bort frå å vera med på turen, for ein går i eit område med natur og utsyn som kan ta pusten frå ein! Er turfølgjet heldige med vêret, kan det verta ein makstur, men forholda i fjellet kan skifta fort. Ein må i alle tilfelle gå med gode fjellsko, ha med varme og vindtette klede, lue og vottar i sekken, og regnklede. Nokre vandrarar set pris på gode stavar i brattlende og på snø.

Påmelding til turen gjer du på nettsidene til eitt av dei to turlaga.

Anne Kari Enes og Hermund Fenne for Kvinnherad Turlag

Kommentarer til denne saken