Gå til sidens hovedinnhold

Inviterte ordføraren på påskelunsj

Artikkelen er over 2 år gammel

Klasse 9C ved Husnes ungdomsskule er ein triveleg gjeng. Mat kan dei laga òg.

Læreplanen for faget mat og helse har i alle fall eitt handfast punkt: Lag eit måltid i samband med ei høgtid og inviter gjester. Og sidan elevane i 9C er pliktoppfyllande, sosiale og flinke, vart det eit flott påskemåltid for ordføraren, eit knippe lærarar og klassen onsdag føremiddag.

– Elevane brukte nokre timar tysdag til å dekka bord og pynta – i dag har dei brukt tida frå skulestart og fram til lokka 11 til å laga maten, kunne kontaktlærar Berit Rolland fortelja.

Eit lekkert koldtbord var dandert med ulike typar pålegg som spekemat av ulikt slag, røykelaks, ost, frukt, eggerøre, Nugatti, og meir til. Mjølk, juice og kaffi var òg laina opp. Koldtbordet var pynta med påskeegg på bjørkegreiner med nysprungne musøyre. Og apropos påskepynt: Eggerøra var såpass gul og delikat, at Kvinnheringen utan opphald bad lærar Rolland om å finna dei som hadde æra for den. Det viste seg å vera Konrad Skarveland og Steffen Dale.

– Eggerøra er heilt topp den – ekstra mykje egg for at den skulle bli ekstra påskegul og fin, smilte kokkeduoen.

Berre ti minutt inn i lunsjen var bolla med eggerøre tom. Ikkje akkurat noko påskemysterium det – så lekker som den var.

Lunsjen gjekk likevel sin gang, og elevane som sat saman med ordføraren, diskuterte jamt og trutt med heidersgjesten på ein verdsvant og behageleg måte. Klassen utstråla harmoni og folkeskikk i såpass rikt monn at kontaktlærarane Berit Rolland og Rune Aksnes nesten vart litt blanke i augo.

– Det er ein veldig kjekk gjeng ungdomar, skrytte dei to lærarane.

Kommentarer til denne saken