Med ei Ap-leia regjering etter valet til hausten, blir ferjeprisen halvert. Staten skal ta rekninga, og første steg kjem i første statsbudsjett. I tillegg skal innskotet for å få rabatt (AutoPASS) kuttast kraftig. For Arbeidarpartiet handlar det om at det no må bli vanlege folk sin tur.

Eit meir forpliktande løfte er vanskeleg å tenkja seg: Det er programfesta. Det er presentert av partiet sin leiar og nestleiar, nasjonalt og i ferjefylke over heile landet. Det er gjennomarbeidd og detaljert på kostnad og praktisk gjennomføring. Me seier at det skal starta rett etter valet. Ingen veljar vil då ha gløymt det, endå mindre vår eigen partiorganisasjon. Slik blir det, med andre ord.

Eg skjøner at dette er vanskeleg for Frp å svelgja. I ymse lesarinnlegg freistar derfor fleire representantar for partiet (som Ellinor Rein) å dra dette ned til eit «kven-har-gjort-kva-og-når» i fylkespolitikken. Eg trur folk flest er lite interessert i akkurat det. Folk veit at fylka har mange oppgåver, mellom anna dei vidaregåande skulane, og er prisgitt økonomiske rammer sett av staten. Folk veit òg at Frp nyleg sat seks år i regjering med partileiaren som finansminister.

Det som betyr noko no, er kva som skjer framover. Med Arbeidarpartiet i regjering til hausten, blir ferjeprisen halvert og prisen på AutoPASS kraftig senka. Det siste gjorde me framlegg om i Stortinget så seint som i haust – senking til 1000 kroner – men fekk Frp og resten av høgrefleirtalet mot oss.

Odd Harald Hovland
Stortingskandidat, Ap