I morgon kan du oppleva jazz på Dønhaug

Jazz-gitarist Svein Rikard Mathisen og Sombody`s Quartet speler på Dønhaug laurdag 21. oktober. (Pressefoto).

Jazz-gitarist Svein Rikard Mathisen og Sombody`s Quartet speler på Dønhaug laurdag 21. oktober. (Pressefoto).

Laurdag får Husnes Jazzklubb besøk av gitaristen Svein Rikard Mathisen og Sombody`s Quartet.

DEL

Det melder Husnes Jazzklubb i ei pressemelding. Mathisen er på release-turné med sitt nye album «The Man In The Fridge». Med seg i bandet har han Søren Gemmer (dansk) på piano, Paul Hinz (svensk) på kontrabass og Andreas Fryland (dansk) på trommer.

For to år sidan debuterte han med plata «Copenhagen Diaries» og fekk strålande kritikk både i inn- og utland:

«Copenhagen Diaries» er nok en bekreftelse på at det gror noe voldsomt i norsk jazz. Svein Rikard Mathisen er en musikant vi kan glede oss til å høre i tiårsvis framover – og han har garantert mye på lager.» skreiv anmeldar Tor Hammerø.

Svein Rikard Mathisen er opprinneleg frå Brummundal, men er no busett i Bergen. Han har studert jazz i Københamn ved det rytmiske fakultet. Det musikalske uttrykket som kvartetten serverer kan karakteriserast med rytmisk samspel der dei harmoniske finurlegheitene til Mathisen kan få fritt spelerom. Husnes Jazzklubb håpar du finn vegen til Dønhaugkjellaren denne laurdagen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags