Gå til sidens hovedinnhold

Joakim (18) og Sander (18) har æra for telefonkiosk-nostalgien på Utåker

– Det er etter kvart ganske mange som har stoppa for å kika nærare på telefonkiosken, fortel Joakim Heimvik, hovudmannen bak den raude og fine attraksjonen.

For oss som har levd ei stund, er synet nesten til å få ei tåre i augekroken av. Telefonkiosken vekkjer mange minner. I oppveksten var me mange som ofte var innom den klassiske raude telefonkiosken, både i heimbygda og andre stader. Me søkte ly for regn, leita etter gløymde kronestykke, bladde i telefonkatalogen som hang i hylla, og av og til brukte me faktisk telefonen.

Slike gamaldagse telefonkiosk-aktivitetar er ukjende for Joakim Heimvik frå Utåker og Sander Bekkenes frå Valen. Men kompisane syntest likevel det var kjekt å restaurera telefonkiosken. Det gjorde dei skuleåret 2017/18 då dei gjekk første året på vidaregåande saman på TIP VG1. Kiosken vart sett opp i fjor vår og har altså stått på stas på Utåker, like ved der Joakim bur, i halvtanna år. Det er litt forbi bedehuset, retning Holmedal.

– Veit de kor kiosken stod opphavleg?

– Det var nok i Dimmelsvik, trur me, for det stod mange entreprenørnamn derifrå på den. Telefonkiosken låg sundrusta på industriområdet på Husnes i mange år. Pappa kjøpte den i 2017 og drog den heim, fortel Joakim.

Så vart telefonkiosk-vraket liggjande på låven ei stund.

– Då eg byrja på TIP tok me den med til skulen og det var der Sander og eg fiksa den opp. Me pussa ned alt, sveisa rusten og fekk dei på elektro til å leggja inn nye straumkablar. Fekk tak i ein mynttelefon ifrå 1960-talet og sette den i, lakka og ordna.

Med tida har far til Joakim, Hjalmar Heimvik, tenkt å få liv i telefonen ved hjelp av trådlaust internett og ny teknologi.

Kiosken er bolta godt fast i støypt fundament, har straum og lys, og pyntar opp også etter at det blir mørkt.

– Bror min brukar den av og til som busskur, særleg om han har lite straum på mobiltelefonen. Me har to mobilladarar her, fortel Joakim, peikar og slår fast at telefonkiosken står i «sentrum» av Utåker.

Oppå mynttelefonen ligg det nokre kronestykke til pynt. Frå telefonkiosken er det nydeleg utsikt, heilt til Skånevik i eine retninga.

Sander kjem køyrande og kan fortelja at han og Joakim hadde eit kjekt prosjekt med telefonkiosken då dei gjekk på TIP. Men det var rikeleg med arbeid – kiosken var skakk og rusten.

– Det var mykje maling og sparkling i alle fall, og eit prosjekt som ikkje likna på det dei andre heldt på med, fortel Sander.

– Kva var det som gjorde at de sette i sving med å restaurera telefonkiosken?

– Den låg i vegen for meg på låven – eg kom borti den heile tida, forklarar Joakim som alltid har mange prosjekt i sving.

– Men du synest det er gøy med telefonkiosk-nostalgi, sjølv om du på ein måte er for ung?

– Ja, eg synest den er drittøff. Det som manglar på plassen her no er ein gråtass-traktor, slår Joakim fast, kikar rundt seg og har hovudet i gang med eit nytt prosjekt igjen.

Det var arkitekt Georg Fasting som i 1932 teikna den legendariske telefonkiosken som det fanst over 6.000 av på det meste. Fasting teikna den i samband med ein konkurranse som vart lyst ut av Oslo Telefonanlegg. I 1997 vart den raude telefonkiosken erklært verneverdig av Riksantikvaren og Telenor, og det vart bestemt at 300 telefonkioskar skulle bevarast. (Kjelde: Store Norske Leksikon).

Saka du finn link til under er frå 2018 og viser andre døme på tiltak og kreativitet på Utåker/i Holmedal:

Les også

Står tørt og trygt i heimelaga buss-skur

Kommentarer til denne saken