22-åringen er den yngste butikksjefen hos Europris i Norge. Jobben har han tatt på strak arm og synest det er både spennande og utfordrande.

– Det har gått veldig fint. Det mest utfordrande er alt det administrative, butikken kjende eg allereie, fortel Myklebust til Kvinnheringen.

Dei fleste på 22 år er framleis studentar eller i ei deltidsstilling, men slik er det ikkje for Myklebust.

Vart ikkje tatt seriøst

Kva har vore den største utfordringa som ung sjef?

– Eg har opplevd at folk ikkje har tatt meg seriøst, sidan eg er så ung. Det er mest eldre folk som ikkje trur det går an å vere så ung sjef, men når dei høyrer at eg veit kva eg snakkar om, går det fint, fortel Myklebust.

Etter snart eitt år i jobben har han nokre tips til andre unge som drøymer om ein sjefsjobb.

– Ver tolmodig, prøv deg fram, ver på og ikkje ver redd for å prøva. Ein har ingenting å tapa og som regel så får ein det til. Det er betre å prøva ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Ingen typisk kontormann

Det kjekkaste med jobben, ifølgje Myklebust, er kundane, kollegaene og utfordringane. Han likar best å vera ute i butikken, og brukar så lite tid han berre kan på kontorarbeidet.

Ein typisk arbeidsdag for den unge sjefen varar frå åtte til seksten. Då byrjar han med litt kontorarbeid, så tar han seg ein runde i butikken for å få oversikt over alt som må gjerast, deretter er det varebestilling og varemottak.

– Eg har trua på ungdomen

Agnes Iren Lothe eig Europris Odda og Husnes. I august i fjor tilsette ho Joakim som butikksjef.

– Kva gjorde at du tilsette ein på berre 22 år?

– Han er veldig flink og til å stola på, han har alltid godt humør og er arbeidsvillig. Elles er eg veldig glad i å tilsetta unge folk. Eg har trua på ungdomen. Eg blei kjempeglad då han takka ja til jobben, fortel Europris-eigar Agnes Iren Lothe.

Lothe synest den første tida til Myklebust har gått over all forventing:

– Det har gått kjempebra. Han er veldig flink både med tilsette og kundane. Han er kjempegodt likt av kundane i butikken.

Ho fortel at ein 22-åring naturlegvis har mykje å læra, men Myklebust er lærevillig og står på. Lothe seier at han må læra som alle andre og det er alltid ting ein kan bli flinkare på, men Lothe er strålande fornøgd med tilsettinga.

– Eg har kjempetru på Joakim, seier eigaren.

Lothe er ikkje berre strålande nøgd med Joakim, men også tala for 2021. Og ho trur utan tvil at det hadde mykje å seia at Joakim kom inn i bildet i august.

– Det går oppover på Husnes og det er ein butikk som går veldig bra, det viser tala frå 2021. Sjølvsagt hjelpte pandemien på, og i 2022 vil nok tala gå ned litt, men dette er ein butikk som driver godt.

Les også

Etter vidaregåande fekk Nora (19) frå Valen endeleg tid til kunsten: – Tatt opp igjen interessa eg hadde då eg var liten

Økonomien

Myklebust fortel at dei er godt nøgde med rekneskapen for det førre året.

I motsetning til mange andre bedrifter var koronapandemien til hjelp for Europris økonomisk sett. Til dømes selde dei meir snop, fordi folk var så mykje heime. Dei selde meir interiør, hagemøblar, potter og planter. Då alle brukte så mykje meir tid heime, var det mange som byrja på oppussingsprosjekt og ommøblerte både det eine og det andre.

I tillegg gjekk som kjent sal av handsprit og reinhaldsprodukt til himmels, då mange av bedriftskundane deira måtte trappa opp reinhaldet på grunn av pandemien.

Europris Husnes hadde i 2021 ei omsetting på 36.512.000 kroner og eit overskot på 1.038.000 kroner. Dette er dobling i overskot frå førre året, då talet var på 565.000 kroner.