Karen Anna (22) har fått fast jobb i TV 2

Karen Anna Kleppe (22) frå Sandvoll har nådd langt på kort tid i mediebransjen. No skal ho vidare til ein spennande jobb i innanriks-redaksjonen til TV2 i Bergen. (Foto: Hilde-Elise Førde Tislevoll).

Karen Anna Kleppe (22) frå Sandvoll har nådd langt på kort tid i mediebransjen. No skal ho vidare til ein spennande jobb i innanriks-redaksjonen til TV2 i Bergen. (Foto: Hilde-Elise Førde Tislevoll).

Frå 1. april skal Karen Anna Kleppe frå Sandvoll jobba som innanriks-reporter i TV 2 sin nyhenderedaksjon i Bergen.

DEL

– Det er utruleg stas å få fast jobb i eit riksdekkande medium! smiler Kleppe.

Ho begynte journalistkarrieren si i lokalavisa Firda, gjennom Nynorsk avissenter i Førde. I januar i fjor begynte ho i praksis i Kvinnheringen, og gjorde ein så god jobb som journalist at ho fekk halda fram. Men 1. april går altså turen til Bergen og ny jobb. Det kan dermed godt henda du får sjå ho på skjermen med mikrofon i handa.

– Eg søkte først og fremst på ei stilling i utanriksredaksjonen til TV 2. Den fekk eg ikkje, men eg blei kontakta av innanriks som oppmoda meg om å søkja på ei stilling der. Eg søkte i november, og blei kalla inn til intervju før jul. Nokre veker etter kom gladmeldinga om at eg hadde fått jobben, smiler den unge journalisten.

– Er det noko du kjem til å sakna når du sluttar i Kvinnheringen?

– Eg kjem til å sakna dei kjekke kollegaene mine og samhaldet på jobb. Eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag. Elles er eg veldig takksam for at eg har fått lov til å prøva meg på tøffare saker, og at redaktør Tomas har vist meg tillit og hatt trua på meg. Året eg har hatt i Kvinnheringen trur eg nesten har hatt alt å seia for at eg landa jobben i TV 2.

Når vi ber ho trekkja fram saker ho hugsar godt, svarer ho følgjande:

– «Rådmannssaka» var spennande å få jobba med, fordi den var så krevjande og intens. Då lærte eg mykje. Elles gløymer eg ikkje dagen eg var på Varaldsøy og intervjua mangemillionæren Jan Kjærevik. Han er ein artig og fargerik type, som ikkje er redd for å seia kva han meiner eller kva folk synest om han. Eg koste meg då eg sat og skreiv den saka!

– Kva gler du deg mest til med den nye jobben, og er det noko du kvir deg til?

– Det er alltid litt spennande og skummelt å begynna i ny jobb på ein ny plass og med nye folk, men eg gler meg mest. Eg gler meg til å treffa dei eg skal jobba ilag med, og å ta fatt på nye oppgåver og utfordringar. Elles er det kjekt å flytta tilbake til ein by, det har eigentleg vore planen min heile vegen. Det er i Bergen er har dei fleste vennene mine, og eg gler meg til å drikka god kaffi! Men sjølvsagt kjem eg til å sakna fjell og fjord i Kvinnherad, og det at ein kjem så tett på folka som bur her når ein jobbar i lokalavis.

Vi i Kvinnheringen synest sjølvsagt det er trist å mista ein så dyktig medarbeidar, men ønskjer unge Kleppe lukke til i ny jobb og på ferda vidare!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags