Gå til sidens hovedinnhold

Jobbar med turløyper på Halsnøy – jaktar bilde til informasjonstavler

Artikkelen er over 1 år gammel

Har du bilde frå danseplattingen?

Kurt Henriksen er på jakt etter bilde frå den gongen danseplattingen i Ranavik var i bruk.

Henriksen med fleire jobbar med å tilretteleggja nokre turløyper i området, og jaktar bilde til informasjonstavler.

– Berre ta kontakt med meg om du har bilde frå plattingen, oppmodar Henriksen.

24. juli 1988 var artikkelen «Siste dans» på trykk i Kvinnheringen i samband med at plattingen var i ferd med å rasa heilt saman. I artikkeleng vart det mimra, blant anna på denne måten: «Frå om lag 1975–85 var danseplattingen i Ranavik den store treffstaden for ungdom i distriktet laurdagskvelden. Her i skogen kunne alle kjensler levast ut på godt og vondt. Narkotika, hiv og sinte naboar var ukjende fenomen», skreiv journalist Ingvild Sjo.

Kommentarer til denne saken