Slutt for JobLearn i Kvinnherad

NAV sin kontrakt med JobLearn går ut ved årsskiftet. Kontrakten vert ikkje fornya.

DEL

Den private bedrifta JobLearn har vore etablert i Kvinnherad sidan mars 2015, og har arbeidd med å få menneske ut i arbeid og å formidla arbeidstakarar for bedrifter. Både finansieringa og jobbsøkjarane har kome frå NAV, og JobLearn har arbeidd særleg metodisk opp mot dei som treng litt ekstra til tilrettelegging og oppfølging for å koma inn i arbeidsliv eller til vidare skulegong.

No er det slutt.

NAV skal gjera jobben sjølv

– NAV har andre tilbod som tar vare på denne gruppa. Dette kan mellom anna vera ordinære oppfølgingsavtalar, oppfølging i eigenregi eller andre tiltak som vert tilbydd i fylket, uttaler fungerande fylkesdirektør Tommy Johansen.

NAV Hordaland peikar på at då samarbeidet med JobLearn starta, fanst ikkje tilbodet om oppfølging i eigenregi i Kvinnherad, men no ynskjer dei meir handlingsrom til å sjølve gi dette tilbodet. NAV-tilsette som arbeider som jobbspesialistar har no fått utvida opplæring internt.

JobLearn har framleis oppdrag for NAV andre stader i landet. Det har ikkje lukkast Kvinnheringen å koma i kontakt med leiaren for NAV Kvinnherad, Arild Berg, for ein kommentar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags