Lars Arve og Ingunn dyrkar økologiske eple på Perlo

MEDBRAKT: Lars Arve Sæbø, Ingunn Askeland og sonen Vebjørn (6) blant epletre i Sæbø nær Sæbøvik. Eplehausten er stort sett over, men me fann ein attgløymd kasse.

MEDBRAKT: Lars Arve Sæbø, Ingunn Askeland og sonen Vebjørn (6) blant epletre i Sæbø nær Sæbøvik. Eplehausten er stort sett over, men me fann ein attgløymd kasse. Foto:

Lars Arve Sæbø (42) og Ingunn Askeland (46) er godt i gang med å byggja opp ein fruktgard i høvelege skråningar i Sæbø.

DEL

I løpet av året skal paret overta heimegarden til Lars Arve. Av rundt 50 mål innmark, er tre mål sett av til epletre av typen Discovery, Aroma og Collina. To år inn ein treårig plan har dei planta 600 epletre så langt. Seinare i haust skal dei planta 200 til, og neste år 400.

– Då er me ferdige med planteplanen me følgjer – den er ein føresetnad for å få støtte frå Innovasjon Norge, forklarar Ingunn og Lars Arve.

Epletrea er planta i skråningar på innmarka. Desse områda er ikkje godt eigna til fôrproduksjon, men tipp-topp for frukttre. For når trea står i skråningar, får alle trea meir lys, og blir ikkje ståande i for mykje vatn i regnvêrsperiodar.

Støtte

Investeringa ligg på rundt 240.000 kroner – då er arbeidsinnsatsen også kalkulert inn. Støtta frå Innovasjon Norge vil utgjera 40% av investeringa.

– Me har fått god hjelp frå Tore Eik på landbrukskontoret til kommunen, og frå landbruksrådgivinga, legg Ingunn til.

Når Kvinnheringen spør om kvifor dei har starta med fruktdyrking, peikar dei først på kvarandre. Lars Arve vart inspirert då han lærte om fruktdyrking medan han gjekk på jordbruksskule. Ingunn har tenkt at fruktdyrking kan vera ei kjekk attåtnæring.

På garden er det elles 11 vaksne dyr og sju kalvar av storferasen Jersey, 12 kasjmirgeiter og to bikubar. Økologisk epledyrking i skråningane er nysatsinga på garden.

– Me har planar om å byggja ny driftsbygning. Både for å laga nytt fjøs til dyra, og til eit kjølerom til epla. Men på grunn av kvikkleira i området er planane litt på vent, fortel Ingunn og Lars Arve.

(Saka held fram under bildet).

Eplehausten 2019: Fine eple i høvelege øskjer. (Privat foto).

Eplehausten 2019: Fine eple i høvelege øskjer. (Privat foto).

Økologisk

Økologisk epledyrking krev økologisk gjødsel og økologisk sprøyting.

– Me sprøytar med koparsulfat mot skurv – det er likt for all epledyrking. Mot bladlus brukar me ei blanding av grønsåpe og rapsolje, forklarar Lars Arve.

Arbeidet med treplantene handlar elles om å støtta dei opp, skjera greiner i februar og mars, samt tynna i vårbløminga for at det ikkje skal bli for mange, og dermed små eple til hausten igjen. Elles må graset mellom trea haldast nede.

– Mellom radene brukar me ein beitepussar, mellom trea kantklippar, forklarar Ingunn og Lars Arve.

Som med alt innan jordbruk er det lite som gjer seg sjølv.

Dei to har begge full jobb hos ABB på Leirvik, så noko latmannsliv kjem ikkje tale. Paret har elles fire ungar til saman.

– Kor mange år går det før epledyrkinga gir full produksjon?

– Det tar nok 7–8 år. Me fekk litt avling i haust, men for lite til at det ville ha løna seg å levera til fruktlager. Så me har pressa ein del sjølve og laga eplejus.

Jusen sel dei direkte frå garden, elles er Reko-ringen ein aktuell salskanal.

– Me tek òg på oss pressing og pasteurisering for andre, fortel Lars Arve og Ingunn.

Risikosport

Frost eller haglbyer i bløminga, hauststormar, sjukdomar på trea og andre plager kan by på tøffe år for fryktdyrkarar.

– Her på Halsnøy er me nok mindre utsett for frost på vårparten, sidan det er mildare her enn inne i Hardanger. Men fruktdyrking er ein risikosport. Då er det greitt at me ikkje berre driv med frukt, men kan leva med eit dårleg år, smiler Lars Arve og Ingunn.

Skal planta fleire: Lars Arve Sæbø viser korleis ein borar hol til nye epletre.

Skal planta fleire: Lars Arve Sæbø viser korleis ein borar hol til nye epletre.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags