Øyvind og damene

Artikkelen er over 4 år gammel

I dag, på sjølvaste julaftan, får de vera med på tur rundt på Sunde der vi ser etter avtrykk frå seks damer som har sett spor hos seg hjå guiden vår, 96 år gamle Øyvind Røyrvik. Damer som ikkje har fått plass i historiebøkene, men som ikkje skal bli gløymde for innsatsen dei gjorde.

DEL

Filmskaparen Merethe Offerdal Tveit på Seimsfoss har laga ein julekalender heilt utanom det vanlege. Bokstaveleg tala har ho sett Sunde i fokus og dokumentert utviklinga bygda har vore gjennom etter at eventyret med brislingfiske og hermetikkindustri begynte for 150 år sidan. Sunde var ikkje stort meir enn ein gard då eventyret starta, men utvikla seg etter kvart til å bli eit viktig senter i kommunen. Bygda nådde toppen i utviklinga på 50-talet, med velfungerande industri, trafikknutepunkt, ei rekkje kjekke butikkar og eit yrande folkeliv. I dag er Sunde igjen blitt ei stille bygd. Kva skjedde? Akkurat det gir Tveit deg gode svar på gjennom filmsnuttane i adventskalenderen.

Klikk deg inn på ei ny «luke» øvst på nettavisa kvar dag frå 1. til 24. desember!

Her kan du sjå tidlegare episodar:

Episode 1: Lubbesild og andre sildesoger

Episode 2: Stolte skuter

Episode 3: Urmakaren og Mor Teresa

Episode 4: Massi, dronninga på Krakje (del 1)

Episode 5: Massi, dronninga på Krakje (del 2)

Episode 6: Haktor Thorsen

Episode 7: Brislingen

Episode 8: Hermetikkfabrikken

Episode 9: Kaien, det bankande hjarta

Episode 10: Då Ragnar gjekk til frisør på Sunde

Episode 11: Ein bil, fleire brød

Episode 12: Thorkelsen - tre generasjonar handelsmenn

Episode 13: Bergslagen - historia om eit båtbyggjeri

Episode 14: Bakarane på Sunde (del 1)

Episode 15: Bakarane på Sunde (del 2)

Episode 16: Ein kumage ligg og duppar i vågen

Episode 17: Sunde bedehus

Episode 18: Mjølk må ein ha

Episode 19: Pasjon - om G. Irgens klesforretning

Episode 20: Ragnvald Vaage – jordson og diktar (del 1)

Episode 21: Ragnvald Vaage – jordson og diktar (del 2)

Episode 22: Sunde er nerlagd

Episode 23: Husnes – det nye sentrum

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken