Kor mykje pengar brukar du på julekalendrar?

Pakkekalender er vanleg i mange norske husstandar. (Illustrasjonsbilde: Colourbox).

Pakkekalender er vanleg i mange norske husstandar. (Illustrasjonsbilde: Colourbox). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Mange har som tradisjon å laga jule- eller adventskalender med små pakkar til nokon i familien sin. Men kor mykje pengar går eigentleg med til føremålet? Delta i spørjeundersøkinga vår!

DEL

Kvinnheringen ønskjer å finna ut kor mykje pengar dei som lagar pakkekalender brukar til dette føremålet. Har du fleire barn i familien og lagar kalender til alle, blir det fort fleire hundre kroner sjølv om kvar vesle pakke ikkje kostar så mykje. Nokon vel kanskje å berre kjøpa "fornuftige" ting til kalendergåver, som til dømes tyggis, blyantar eller klede barna treng. For andre er føremålet berre å gleda barna med ei overrasking kvar dag i desember fram mot julaftan. Kanskje lagar du pakkekalender til sambuaren?

Om du er ein av dei som lagar julekalender håpar vi du vil ta deg tid til å svara på spørjeundersøkinga vår under. Resultatet vil bli presentert i avisa.

Artikkeltags