Sanko vil gleda andre og inviterer til gratis julekveld i restauranten

Sanko inviterer til julekveld i restauranten sin på Husnes. (Foto: Jonn Karl Sætre)

Sanko inviterer til julekveld i restauranten sin på Husnes. (Foto: Jonn Karl Sætre)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Har du ikkje nokon å feira jul med? Eigar av Sana Kebab på Husnes inviterer til gratis julefeiring i restauranten sin på julaftan.

Sanko Ahmad Faraj og familien har lyst til å gjera noko fint for andre. Difor gjekk han i helga ut på Facebook og sa at han vil invitera 20 personar til ein fin julaftan på Sana.

«Her er det snakk om personer som kanskje er alene hjemme og vil tilbringe en sosial kveld med andre. Jeg spanderer middag og drikke», skreiv Sanko på Facebook.

Saka er delt 80 gonger og mange har kommentert det fine tiltaket.

– Eg treff veldig mange i restauranten, og ein god del av dei er åleine og litt triste når det kjem til jul. Difor tenkte eg at dei kanskje ville koma til restauranten om ettermiddagen på julaftan. Der vil vi servera norske tradisjonsrettar og litt drikke, seier Sanko.

Han fortel at han har fått mange hyggjelege tilbakemeldingar, men at det så langt ikkje er nokon som har meldt seg.

– Det er kanskje litt ukjent og annleis å gjera noko slikt, men eg tenkjer det kan vera verd eit lite forsøk. Dersom nokon vil koma håpar eg dette kan bli ein tradisjon, seier Sanko.

Han vil ta med seg sin familie om kvelden, og lovar både julemusikk og kanskje ein pakke eller to, om nokon melder seg.

– Om eg gjer nokon glad er det det aller beste og viktigaste. Dessutan er det kjekt å kunna gje noko tilbake til samfunnet. Når eg først har ein fin restaurant, så kvifor ikkje bruka den om eg kan gjera nokon glad?

Dersom nokon vil feira jul med Sanko kan dei kontakta han på telefon 971 72 045.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags