Helene Rørvik storkosar seg med nissane sine i mange veker.
Trude Aarsand

Helene i nisseriket

I desember tar nissane kommandoen, uovervinnelege og uimotståelege som dei er.
Publisert

Og dei er mange. Helene Rørvik har ikkje lenger talet på dei, men vi snakkar i alle fall om fleire hundre. I gangen, trappa, kjøkenet og stova har store og små nissar teke heilt overhand. Med seg har dei òg nokre englar og myser som får vera der på nissane sine premissar.

Nissane er i alle tenkjelege storleikar. Frå ørsmå skapningar til vaksne karar det står respekt av.

Foto:

– Kor kjem dei frå, alle saman?

– Høgst forskjellig. Ein god del har eg fått i gåve opp gjennom åra, nokre har eg kjøpt og nokre har dotter mi laga, fortel Helene, fornøgd som ho er med årets utstilling.

– For meg som bur åleine er det fint å få selskap av nissar ved juletider, legg ho til.

Foto:

– Snakkar du med dei?

– Eg må jo det. Nissane snakkar òg til meg. Mange ber om å bli flytta på fordi dei ikkje er heilt fornøgde med selskapet dei er hamna i, fortel Helene lattermild om julefamiliemedlemane sine.

Ikkje berre snakkar ho med dei. Nissane blir òg vølte og limte når det trengst.

– Det hender at nokre av dei plutseleg ligg velta. Då tar eg det som eit teikn på at dei vil ha kontakt med meg for eit eller anna.

– Har nissane namn?

– Dei aller fleste er namnlause. Berre nokre få har namn – og då gjerne etter kven som har laga dei eller kven eg har fått dei av.

I det vi takkar for oss og er i ferd med å forlata nisseriket i Røyrvik, merkar vi at ein av nissane vil ha kontakt – ein staseleg nissefar som sit på gelenderet, ein vi har oversett i nissemylderet.

– Ta bilde av meg òg, forlangar han strengt.

Og det gjorde vi sjølvsagt.


Foto:

Artikkeltags