Teigen tok årets julekort

DEL

Ordføraren er alt byrja å skriva julekort, og i år er det eit motiv frå Lars Martin Teigen som pryder julekortet.

– Biletet er teke av Lars Martin, og eg vil takka han for at han vil dela eit av sine flotte motiv med Kvinnherad kommune. Eg synes det passar godt med eit julekortmotiv frå Husnes i år, og med Hydro i framgrunnen går vi inn i juletida med påminning om at vi går ljosare tider i møte, helsar ordføraren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags