Gjorde nissestrekar på Sæbøvik – sjå bilde!

Nissefar og nissemor gjorde mange nissestrekar i Sæbøvik på laurdag. Her ser du nissefar (Synnøve Øvrevik) i dét han har rappa ein bolle hos bakaren!

Nissefar og nissemor gjorde mange nissestrekar i Sæbøvik på laurdag. Her ser du nissefar (Synnøve Øvrevik) i dét han har rappa ein bolle hos bakaren!

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Laurdag ettermiddag var det tid for tenning av julegrana i Sæbøvik. Årets gran har Per Egil Juel skaffa. Då Kvinnheringen tok turen møtte vi nissefar og nissemor, som serverte gløgg, peparkaker og graut. Men plutseleg fann dei ut at dei skulle finna på nissestrekar, og bladfyken følgde sjølvsagt etter. Først sprang dei inn til bakaren og rappa to bollar framfor nasen på to ungar som nett hadde kjøpt dei! Det fekk dei dårleg samvit for, så dermed «nissa» dei med seg nokre karamellar frå Buketten, og gav til ungane som plaster på såret. Til slutt heiv dei seg like godt i «ball-bassenget» til Sæbøvik Gåver & Leiker.

– Vi kjenner faktisk den ekte julenissen, og no skal vi få han hit! sa dei.

Og jo, ei stund etterpå kom faktisk nissen, og han hadde sekken full av snopeposar til alle som ville ha. Så blei den flotte julegrana tent, medan Sølvi Marie Berge song og spelte den vakre julesongen «Oh Holy Night» i paviljongen.

Artikkeltags