Julekonsert i Husnes kyrkje

Av
DEL

Fyrstkomande søndag, tredje søndag i advent, innbyr Soknerådet til julekonsert i Husnes kyrkje. Dette er ein lang og god tradisjon. Husnes Skulekorps, Husnes Musikklag og Husnes Blandakor har stilt opp kvart einaste år- og skuffar heller ikkje dette året. Det blir flott å høyre kva dei har øvd inn denne adventstida!

Hanna Eikeland på fiolin, har og vore med på julekonserten vår før, og ho vil også i år gje oss ein smakebit på det ho har øvd inn ,gjennom musikkskulen. Vibeke Escher er ein annan ung og lovande musikkskuleelev som vil gle oss med fiolinmusikken sin.

Jeanne Boerretzen og Sarah Brix får vi også eit gjenhøyr med i år. Dei syng saman, og det er berre å gle seg!

Nye aktørar i år, er Marion Skogseth Bjørsvik og Andreas Bjørsvik. Marion syng og blir akkompagnert av Andreas på gitar! Kjekt med nye talent som er villige til å stille opp!

Sist ,men ikkje minst, vil Eva organist gje oss nye «høydare» på orgelet! Og vi veit det blir flott!

Vi vil også få andakt ved Sokneprest Reidar Ådnanes. Han har ein god bodskap å formidla!

Velkomen til kyrkja denne søndags ettermiddagen, og få på plass det som måtte mangle av julestemning! Det blir høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet, ved utgangen!

Vi syng jula inn i Fjelberg kyrkje

Siste onsdagen før jula blir ringt inn, kan Fjelbergbuen samlast i kyrkja for å synga jula inn. Fjelbergøyane Blåseband stiller opp, som alltid, og vil fylla det lune kyrkjeromet med flotte juletonar! Dirigent Stig Arild Fosse, er heller aldri vanskeleg å be om å gje nokre ekstra tonar på trompeten, ilag med orgelet! Vi gler oss over det!

To songfuglar frå Husnes-sida, vil ta turen til Fjelberg denne kvelden. Det er Jeanne Boerretzen og Sarah Brix. Dei som har høyrt desse to, lærar og elev veit det blir flott!

Sokneprest Jan Ove Totland vil ha andakt for oss. Men som den songfuglen han også er, vil han dele eit par kjente og kjære julesongar!

Det vert litt å bite i etter konserten, før ferja kjem. Det vert også høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags