– På toppen av at vi held på med den årlege julepakkeaksjonen – der vi treng fleire julepakkar – vil Wivian og Hilde laga til ei julefeiring for dei som har lyst å feira jul i lag med andre, smiler leiar for Kvinnherad Frivilligsentral, Veronica Thorkildsen Thorsen.

Ho er glad for initiativet, og då Lions Club Kvinnherad nyleg tok kontakt for å høyra kva klubben kunne bidra med i frivilligarbeidet, vart dei to positive kreftene kopla saman. I ei styremøte kort tid etter, vedtok Lions å støtta julefeiringa med 5.000 kroner. Sjekken vart overrekt under ein pressekonferanse i Kvinnherad Frivilligsentral tysdag ettermiddag.

– Heile Lions-styret gjekk inn for å bidra – det er nettopp slike ting klubben skal driva med, seier president i Lions Club Kvinnherad, Agnar Melkersen, og visepresident Espen Zimmer, begge med stor sans for det gode tiltaket.

– Dette kan bli eit samarbeid vi kan byggja vidare på – det er ei glede å kunna bidra til arrangementet, legg Melkersen til.


Kjekkare i lag

Dei to hjartevarme initiativtakarane, Wivian Markhus og Hilde Hokland, trur det er ein del personar som heller vil feira saman med andre, enn å sitja heime åleine.

– Dette har ingenting med mykje eller lite pengar å gjera. Nesten alle har ein periode i livet der ein har det litt stritt og kvir seg for å feira jula åleine. Det har vi erfaring med sjølve, og det er mykje kjekkare å feira jula saman med andre.

Dei to vil by på julemiddag servert i den trivelege «Møteplassen»-stova i frivilligsentralen sine lokale i Aksen på Husnes.

– Om ein er ung eller gamal, eller kanskje einsleg forelder – alle som ønskjer å feira i lag med andre er hjarteleg velkomne og ein kan gjerne ha med barn, forsikrar dei to

– Og skulle det vera behov for det, vil vi også arrangera ei førjulssamling, slik at deltakarane kan bli litt kjende først, seier Markhus og Hokland.

Er det nokon som ønskjer å delta ved å hjelpa til med julemiddagen eller andre praktiske ting, er også det kjærkome og dessutan ein grei måte å bli kjende på.


Etter kyrkjetid

Tanken er å ha julemiddagen i tradisjonell tid, altså etter julegudstenestene i nærområdet er ferdige.

– Dei som ønskjer å delta, hjelpa til, eller begge delar, kan kontakta frivilligsentralen. Då vil ein få vita meir om tidspunkt og praktiske ting, seier Thorsen.

Til slutt tar me med eit juleønske frå den trivelege Møteplassen: Der manglar det rett og slett eit fjernsyn.