Flinkare enn nissen sine alvar

Vi trur ikkje ein gong nissen sine alvar kan produsera flottare varer enn elevane på Hatlestrand skule laga under årets jule-verkstad.
Publisert

For to veker sidan hadde Hatlestrand skule juleverkstad over to dagar, tradisjonen tru. Kvinnheringen besøkte skulen første dagen, og blei imponert over alle dei flotte produkta elevane laga. Elevane kunne velja seg fire av følgjande aktivitetar/stasjonar: Julekjeks, Nordlandslefser, lefser, drops, julekort, julekuler, trenisse, dørkrans og toving. Kvinnheringen var innom alle stasjonane, der gruppene var aldersblanda, og dei eldste elevane hjelpte dei yngste.

Fire ivrige jenter i full gang med kakemenn-produksjon. F.v. Anne Pernille Nistad, Solvår Skjelnes Gjuvsland, Thida Nongrak Honkham Norbostad og Merethe Gårder Eikeland.

Fire ivrige jenter i full gang med kakemenn-produksjon. F.v. Anne Pernille Nistad, Solvår Skjelnes Gjuvsland, Thida Nongrak Honkham Norbostad og Merethe Gårder Eikeland.

80 kilo deig

På skulekjøkenet var elevane i sving med å produsera julekjeks til den store gullmedaljen; peparkaker, kakemenn og brune pinnar.

– Eg har jo vore med på juleverkstad fleire år tidlegare, og eine gongen laga vi kjeks med sjokolade. I år lagar vi andre julekjeks, og eg synest det er kjekt med variasjon, fortalde Solvår Skjelnes Gjuvsland (11).

Sturla Tufta Gaugstad (14) hadde ansvar for å laga dei brune pinnane.

– Mamma lagar brune pinnar til jul kvart år, det er første gongen eg lagar dei. Eg trur eg skal klara å «matcha» mamma sine, smilte han lurt.

I rommet innanfor var det produksjon av nordlandslefser. Det var lærar Arnt Ove Femsteinevik som hadde laga deigen kvelden før. For å få nok deig måtte han laga heile 80 kilo! Ei anna gruppe laga vanlege, tynne lefser. Artig å sjå at dagens ungdom får læra seg tradisjonsbakst på denne måten.

– Har de teke nokon smaksprøvar undervegs? spurde vi ei gruppe.

– Nei, faktisk ikkje. Men nokre av dei ryk nok til i matpausen, svara Adrian Tungesvik Aksnes Øystese (11).

– Skal du gi dei vekk i julegåver?

– Nei! Eg har førsteretten. Dei som vil ha får baka sjølv! lo Adrian.

Kvinnheringen sin bladfyk var så heldig å få smaka på baksten, og kan bekrefta at den var steikande god.

Med aldersblanda grupper kunne elevane hjelpa kvarandre. Her ser du f.v. Simen Prestnes Fosså, Iver Femsteinevik og Sandra Korsnes Ljostveit som bakar nordlandslefser.

Med aldersblanda grupper kunne elevane hjelpa kvarandre. Her ser du f.v. Simen Prestnes Fosså, Iver Femsteinevik og Sandra Korsnes Ljostveit som bakar nordlandslefser.

Julestemning

På neste stasjon laga dei noko spennande som dei ikkje har laga på juleverkstaden på Hatlestrand på nokre år: Heimelaga drops, med smakar som jordbær, eple, appelsin og cola. Det vanskelege med dropsa er at sukkermassen blir skikkeleg varm, og at den stivnar fort. Derfor måtte elevane vera kjappe med å klyppa dei i bitar. Dei som ikkje heldt på med dropsproduksjon fekk laga fine krukker til å ha dropsa i.

På sløyden blei det laga flotte trenissar av tjukke kubbar, med påmala ansikt, nissehue og skjegg.

Ei av gruppene der laga også tova nissar, men ikkje med vatn og såpe.

Denne gruppa tova nissar, og brukte ei spesiell tovenål til føremålet. F.v. lærar Ingunn Gildestad, Kirill Barthel, Solveig Galtung Femsteinevik, Zuzia Ostrowska og Lilli Tuften Aksnes Øystese.

Denne gruppa tova nissar, og brukte ei spesiell tovenål til føremålet. F.v. lærar Ingunn Gildestad, Kirill Barthel, Solveig Galtung Femsteinevik, Zuzia Ostrowska og Lilli Tuften Aksnes Øystese.

– Vi brukar ei slik tovenål, som vi stikk opp og ned av ulla, forklarte lærar Ingunn Gildestad.

– Juleverkstad er alltid kjekt, eg får julestemning av det, kommenterte Solveig Galtung Femsteinevik (15).

Emma Haukenes og Gitle Femsteinevik tilset smak og farge i dropsmassen. På denne stasjonen laga dei drops med jordbær-, eple-, appelsin- og colasmak.

Emma Haukenes og Gitle Femsteinevik tilset smak og farge i dropsmassen. På denne stasjonen laga dei drops med jordbær-, eple-, appelsin- og colasmak.

Artikkeltags