Med jul i hjarta

Elin Enes får juleblom fordi ho og familien tek imot gjester på julaftan.

Elin Enes får juleblom fordi ho og familien tek imot gjester på julaftan.

Artikkelen er over 3 år gammel

Elin Enes i Uskedalen får Kvinnheringen sin juleblom for å vilja opna dørene for andre på julaftan.

DEL

Juleblom 2014– Åh, for ei hyggeleg overrasking, bryt ho ut i det vi kjem på døra til Elins Matgleder med blom i hendene.

Julaftan har ho nemleg invitert til seg einslege og andre som treng selskap og oppmuntring. Heile familien på fem skal vera med på juleselskapet med inntil 30 gjester.

Vedkomande som føreslo at Elin skulle få juleblom seier: «Å opna heimen på julaftan er eit godt tiltak til glede for andre».

Elin set pris på omtanken, men grip straks ordet for å retta opp i ei halvsanning.

– Eg må få leggja til at både eg og familien har stor glede av dette. Målet er å laga god gamaldags jul i julepynta hus med nye gjester. Eg begynte ikkje med dette fordi eg syntest eg måtte, men fordi eg verkeleg trur det kan bli ei koseleg julaftan. Viss dei som kjem òg har glede av det, blir det dobbel glede, forklarar ho med eit stort smil.

Det er ikkje lite ho lokkar med; pinnekjøt, svineribbe, dessert, konfekt og ymse anna som høyrer jula til. Ikkje nok med det, alle gjestene får ein liten pakke kvar. Elin ser på feiringa som eit alternativ til den litt for kommersielle feiringa ho ser mange stader.

– For mange er dyre presangar hovudsaka på julaftan. Hos oss er det den gode julestemninga som gjeld, forklarer ho.

Berre éin ting uroar henne litt, det er at ingen har meldt seg på til no.

– At terskelen kan vera litt høg, forstår eg, men eg kjem til å bli så utruleg glad for alle som melder seg. Eg er sikker på at vi kjem til å få det kjekt, lokkar ho.

I tankane har ho både einslege og til dømes familiar med litt lite å rutta med, gjerne utanlandske. Det einaste klare kravet ho set er at gjestene må vera edrue. Sjølv har ho mann og tre born i alderen 6 til 14. Ho håpar borna kan få selskap av andre born denne kvelden.

Til slutt smett ho inn to oppmodingar. Ho vil at folk skal koma med tips om nokon dei trur kan ha glede av julaftan heime hos Elin. Ho kan sjølv ta kontakt med personleg invitasjon. Den andre oppmodinga er at andre kan gjera noko tilsvarande som ho har gjort sjølv. Ikkje nødvendigvis i stor stil, men gjerne invitera heim til seg ein eller fleire personar som ein trur kan vera litt einsame i jula, og som ein har lyst å ha det hyggeleg saman med.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags