Lagar eige jolehefte

ÅRETS UTGÅVE: – Tilbakemeldingane frå folk gjer at det er motiverande å laga jolehefte, seier Roald Toskedal bak den sekstande årgangen av joleheftet.

ÅRETS UTGÅVE: – Tilbakemeldingane frå folk gjer at det er motiverande å laga jolehefte, seier Roald Toskedal bak den sekstande årgangen av joleheftet.

– At vi byrja å laga jolehefte var eigentleg litt tilfeldig, fortel Jorunn og Roald Toskedal. Dette er det sekstande året dei har laga sitt eige jolehefte, som jolehelsing til slekt, vener og kjenningar.

DEL

Kvinnheringen kom tilfeldigvis over eit eksemplar av Jorunn og Roald Toskedal sitt jolehefte i ein heim vi vitja. Vi vart nyfikne på denne konkurrenten i joletida, og fekk ta turen til Lyngstranda for å finna ut meir om jolehefteproduksjonen. Jorunn og Roald Toskedal fortel at det heile starta då dei skulle prøva å koma på noko å gi nær slekt som jolehelsing.

– Vi fann ut at det vart mindre og mindre meining i å kjøpa ting til folk som allereie har alt dei treng, fortel Jorunn.

Løysinga vart å laga sitt eige jolehefte. Dei skreiv tekstar, kopierte, stifta og laga til 12-14 sider som den nærmaste familien fekk tilsendt før jol.

– Det var jo veldig enkelt å laga for oss, men tilbakemeldingane vi fekk var veldig gode. Mange syntest det var kjekt å få, og bad oss fortsetja. Så då laga vi hefte det neste året òg, seier Jorunn.

LAGAR EIGE JOLEHEFTE: Jorunn og Roald Toskedal blar her i årets utgåve av joleheftet dei har laga til slekt og vener.

LAGAR EIGE JOLEHEFTE: Jorunn og Roald Toskedal blar her i årets utgåve av joleheftet dei har laga til slekt og vener.

Variert joleinnhald

Årets utgåve er nummer 16 i rekkja av jolehefte som er produserte på Lyngstrand. I år er det heile 28 sider, fullspekka av hyggeleg stoff som eignar seg å lesa i jolehøgtida.

– Kvart år har vi med eit lite stykke om oss sjølve og året som har gått. I tillegg har vi jolaforteljingar, nøtter, konkurransar, rebusar og dikt og mykje meir. Det er mykje forskjellig, både humor og litt meir seriøst.

Dette året har dei til dømes med eit stykke om jola i Nazi-Tyskland. For korleis vart jolafeiringa påverka av at Jesus var jøde?

– Vi er historieinteresserte begge to, så vi likar å ha med slikt som ikkje er så godt kjent, fortel Jorunn.

Kvart år er Aslaug Eik og Olav Agnar Gausvik faste bidragsytarar. Dette året har Eik bidrege med ei jolelegende på rim, og frå Gausvik har dei fått ei morosam regle. Heile heftet er krydra med morosame vitsar og ord til ettertanke.

– Eg er ikkje noko god til å strikka eller laga syltetøy, men eg likar veldig godt å skriva, fortel Jorunn og seier at arbeidsfordelinga er slik at det er ho som gjer det meste av sjølve skrivejobben. Etter det les Roald korrektur, og eit trykkeri i Oslo trykker opp. Begge to samlar stoff til joleheftet.

– Vi lyt jo finna på noko nytt kvart år, smiler Roald.

Det flotte bildet til årets framside såg dei på Facebook, og då var ikkje Geir Instanes vanskeleg å spørja om å få bruka det.

– Kjem vi over noko artig i løpet av året så sparar vi på det. Og dersom det er noko som har opphavsrett, så må vi kontakta dei som eig stoffet før vi kan bruka det, seier Jorunn.

Roald fortel om ein kompis som sendte bilde av kona som las jolaheftet. Kompisen hadde ikkje fått kontakt med kona på fire timar, så oppslukt var ho.

– Det er rett og slett ei glede å halda på med dette. Og når vi får så gode tilbakemeldingar så er det motiverande å fortsetja, avsluttar Roald.


VARIERT INNHALD: Joleheftet for 2018 er på 28 sider, spekka med joleforteljingar, nøtter, konkurransar, historie, rebusar, dikt og mykje meir.

VARIERT INNHALD: Joleheftet for 2018 er på 28 sider, spekka med joleforteljingar, nøtter, konkurransar, historie, rebusar, dikt og mykje meir.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags