Julegåve av den viktige sorten: Anette (13) frå Valen blei rørt til tårer då ho nyleg fekk helsa på Tiva (9) frå Stavanger

Tiva, som er råka av alopecia areata og har mista håret sitt, har nemleg fått ein nydeleg og fyldig parykk av håret Anette donerte tidlegare i haust.
Publisert
DEL

Les også: Anette (13) donerte vekk håret sitt

Eit tjukt, sunt og blankt hår er noko vi alle ønskjer oss, og for mange unge jenter er håret ein viktig del av identiteten, og noko ein brukar mykje tid på å pleia og frisera. Men det mange tar for gitt, er for einskilde slett inga sjølvfølgje. Vesle Tiva Bjørnevik Brydøy (9) frå Stavanger vaks opp med eit fint, normalt hår. Men så vart ho råka av tilstanden alopecia areata, og i 1. klasse begynte håret hennar å falla av. Tre år seinare er nesten alt håret borte, og ingen veit om det vil koma tilbake igjen. Fram til no har Tiva hjelpt seg med parykkar som eigentleg er laga for vaksne, og som i ettertid har blitt forsøkt tilpassa barn, utan at utfalla alltid har vore like heldige. Men i september bestemte Anette Heimstad (13) frå Valen seg for å donera vekk dei lange, nydelege lokkane sine til Luggen Apollosenter i Haugesund. Kvinnheringen fekk vera med då Camilla Helen Heggøy ved Valentin Hårstudio på Valen sette saksa i flettene til ungjenta.

«Eg har lenge hatt litt lyst til å klippa håret kort, for eg synest kort hår er veldig fint. Og då ville eg gjerne at nokon som treng det skulle få håret mitt. Eg likar tanken på å kunna hjelpa andre», fortalde den omsorgsfulle 13-åringen då.

– Fin parykk med ekte hår

Frisør Elin Skogland, innehavar av Luggen Apollosenter og gründer av donorhårparykkar, kontakta alopecia-foreininga, og slik kom ho i kontakt med Tiva. Ei avstøyping av hovudet til niåringen blei gjort, og håret til Anette blei sendt til parykkproduksjon. Førre veke kom den ferdige, spesialtilpassa parykken tilbake til Førre ved Haugesund, og Anette og mor hennar Unni Dale blei inviterte til overrekkinga i salongen i lag med Tiva og mor hennar Sine Bjørnevik.

Saka held fram under bildet!

TRENG HÅR: Frisør Elin Skogland ved Luggen Apollosenter på Førre fortel om stor etterspurnad etter parykkane av ekte hår, og håpar folk vil donera det slik at dei som treng det kan få tilgang på parykkar.

TRENG HÅR: Frisør Elin Skogland ved Luggen Apollosenter på Førre fortel om stor etterspurnad etter parykkane av ekte hår, og håpar folk vil donera det slik at dei som treng det kan få tilgang på parykkar.

– Dette var fantastisk å få vera med på. Eg hadde aldri trudd eg skulle få treffa den som skulle få håret mitt, og eg blei rørt då eg fekk treffa Tiva. Så kjekt å sjå henne med håret mitt, det kledde henne verkeleg, smiler Anette.

Tiva hadde laga ei flott teikning til Anette, med helsinga: «Kjære Anette. Takk for at du donerte det fine, lange håret ditt. Det betyr at jeg kan få en fin parykk med ekte hår. Det betyr veldig mye for meg. Hilsen Tiva».

– Det kom nokre tårar i augnekroken då Tiva overrekte helsinga, vedgjekk Unni Dale.

Dei to jentene med make hårmankar fekk raskt god kontakt, og hadde ein kjekk dag i lag i Haugesund. Først på salongen, før jenter og mødrer seinare gjekk ut for å eta middag i lag. Også NRK Rogaland trefte jentene og laga ein reportasje om dei denne dagen, så det blei ein lang dag med mykje merksemd på dei. Men tøffe, vetle Tiva var klar på at ho hadde lyst til å visa fram kva alopecia areata er.

– Eg synest det er både litt kjekt og litt trist å mangla hår. Det gjer meg ingenting å gå litt utan parykk òg. Men no gler eg meg til å gå med den nye parykken min, den er veldig fin, sa ho.

Mamma Sine fortalde at alopecia er ein ganske vanleg tilstand, som råkar éin av hundre. Men for mange resulterer den berre i mindre hårlause flekkar, langt frå alle mistar bortimot alt håret. Den følgjer ikkje med seg fysiske plagar, men psykisk kan den naturleg vera nokså belastande.

– Vi har valt å fronta dette litt i håp om at det kan vera til hjelp og opplysning for andre, samt ufarleggjera det litt, fortalde Sine.

– Du er veldig tøff, Tiva, og veldig herleg, smilte Anette til jenta som ho no er knytt saman med gjennom raudlege, vakre, blanke lokkar som begge no skal gå rundt med.

– Ein utruleg viktig og flott julegåve til Tiva, blunka mamma Sine.

Saka held fram under bildet!

Treng vaksne donorar

Det var litt tilfeldig at frisør Elin Skogland oppdaga kor godt ekte hår eigna seg til å laga parykk av. For rundt fire år sidan hjelpte ho to venninner etter at den eine av venninnene mista håret og den andre sparte og donerte det som parykk til henne.

– Etter dette fekk eg tilsendt mykje hår. Veldig mykje. Det var så mykje bra hår at eg heilt mista søvnen av å ikkje vita kva eg skulle bruka det til. Difor begynte eg å gjera meir ut av donorhårparykkar, og etterspurnaden har sidan den tid vore veksande. No har vi full opplæring på parykktilpassing i Apollo-kjeda over heile landet, seier ho.

Ho håpar folk vil donera hår til salongen.

– Vi håpar folk som les dette og har hår som eignar seg, vil vurdera å donera det til oss, slik at folk som mistar håret av ulike årsakar, kan få seg ein parykk som ser og kjenst heilt naturleg, seier ho.

Donorhåret må vera frå 20 centimeter og lengre, samt blant, friskt og fint.

– Håret kan vera fargebehandla, men det må ikkje vera flisete og tørt. Då kan det ikkje brukast, forklarer ho.

Skogland viser fram hyllemetrene ho alt har med donorhår. Det er i alle slags lengder og fargar, men det meste kjem frå unge donorar.

– Vi har stor trong for donorhår frå vaksne og eldre òg. Vaksne har ofte ein litt kaldare nyanse på fargane sine enn unge folk, og poenget med donorhårparykkane er at dei skal vera mest mogleg naturlege. Då må vi har fargar som passar. Grått hår er ein stor mangelvare, så dette tar vi meir enn gjerne imot.

Ho legg til salongen har høve til å laga parykkar av folk sitt eige hår.

– Vi har hatt kundar som har kreft og skal i gang med ein cellegiftbehandling, og som har ønska å få laga seg parykk av eige hår før det fell av. Dette er eit høve som ikkje så mange kjenner til, men det kan vi altså gjera her. Berre ta kontakt, oppmodar ho.

Artikkeltags