– Eit lite julemysterium?

Kari fekk ei hyggjeleg julehelsing frå Australia på nyåret. Brevet kom noko seint, og det etter å ha vore innom hytta.

Kari fekk ei hyggjeleg julehelsing frå Australia på nyåret. Brevet kom noko seint, og det etter å ha vore innom hytta.

DEL

Kari Ersvær frå Sunde fekk torsdag i førre veke brev frå heilt andre sida av jordkloden. Julehelsinga frå slekta «down under» som blei sendt i november, kom plutseleg og noko overraskande fram til Sunde.

Før posten ankom Furenesvegen 24 på Sunde, hadde nemleg den store, gule konvolutten frå Australia tatt omvegen via hytta i Eidfjord.

– Korleis den plutseleg fann vegen hit, anar vi ikkje. Og korleis den hamna på hytta forstår vi heller ikkje. Brevet er jo adressert til Sunde, fortel Kari.

Brevet dukka opp i ein felles hyttepostkasse på Maurset. Før jul ringde ein ukjend person til Kari. Han kunne fortelja at det var komen eit brev til Ersvær og mannen. Kari lét det vera, og tenkte ho fekk lesa det når ho skulle på hytta igjen.

– Korleis kan brevet ha hamna der inne, og korleis kan det plutseleg ha funne vegen til Sunde? spør ho.

Distribusjonsleiar i Posten i Kvinnherad, Knut Digranes, fortel at det truleg må ha vore eit overivrig postbod som fann feilen og sende brevet til korrekt adresse.

– Har dei hytteadresse der, er det jo fort gjort at det hamnar feil, seier han.

Elles fortel Digranes at dei i jule- og nyttårstider har ei eiga gruppe som går over post med mangelfull informasjon.

– Dei finn ut kor posten skal og så leverer vi den. Det typiske er eit julekort der det berre står namnet til mottakar og postnummer, men ikkje adressa. På andre sida står det god jul og godt nyttår, forklarer han.

– Vi må vera litt «jule-detektivar» av og til. Den posten vi ikkje finn ut av, sender vi til Posten sin Brevåpningskommisjon, seier Digranes.


Artikkeltags