Hans Jørgen tok med julelysa til prestegarden

OPPLYST PRESTEGARD: Hans Jørgen Boge har pynta Malmanger prestegard. 6.200 lyspærer har gått med til å lysa opp det staselege byggjet frå 1700-talet.

OPPLYST PRESTEGARD: Hans Jørgen Boge har pynta Malmanger prestegard. 6.200 lyspærer har gått med til å lysa opp det staselege byggjet frå 1700-talet.

– Eg har hengt opp litt om gongen. Det er lettare å få tilgiving enn tillating, seier Hans Jørgen Boge med eit smil. Han har nytta førjulstida til å dekorera Malmanger prestegard i Rosendal med fleire tusen julelys.

DEL

Etter å ha vore heller mørk dei seinare åra, ber no Malmanger prestegard preg av at ein kreativ familie har flytta inn. Ektefellen til soknepresten, Hans Jørgen Boge, hadde mange kassar med lyslenkjer på flyttelasset, då han og familien kom til Rosendal frå Voss i haust. Og sjølvsagt skulle lysa hengast opp på den nye heimstaden også.

Hans Jørgen fortel at det er han sjølv som har gått i gang med dette, ikkje kona. Ho er ikkje overvettes begeistra, men let han halda på. Avtalen er at han ikkje klatrar på mønet og heng opp lys der.

– Ho er jo redd eg skal detta ned, sidan eg jobbar med lys åleine.


Berre for moro

– Eg har vakse opp med å pynta mykje til jul, og så har det berre balla på seg. Og no har det blitt tradisjon for heile familien, seier han.

Han fortel at familien ikkje pyntar med nissar heime, utanom ein innandørs figur av Sankt Nicolaus av Myra, sjølvaste forløparen for julenissen. Desto fleire lys. Frå slutten av november har prestegarden blitt meir og meir opplyst.

– Har julelysa ein religiøs betyding?

– Nei, dette er berre for moro! Eg synest det er kjekt å pynta til jul. No er det rundt 6.200 lys her. Det er nok! I alle fall for i år, seier Hans Jørgen.

Både hovedhus, vedskjul, stabbur, stakittgjerde samt to tre i hagen har fått julepryden på. Pærene på dei to raude uthusa er svakare enn på hovudhuset.

– Eg er varsam med å ikkje irritera naboane, eg vil ikkje at dei skal bli plaga av lysa. Ingen har sagt noko negativt, men eg er uansett opptatt av å ikkje ha blinkande pærer, og sjølve lyset må vera varmkvit. Då er dei ikkje så sterke.


Kjekt at det er lys og liv

– I går hadde frua soknerådsmøte her. Eg spurte ho om eg skulle tenna nokre faklar, men det var visst ikkje naudsynt. Her var meir enn nok lys fekk eg vite, smiler han og røper at medlemmene i soknerådet sette stor pris på synet av prestegarden.

– Dei syntest det var så fint med lys og liv her, kjekt at ein familie har flytta inn i prestegarden.

Det er ikkje berre soknerådet som er trollbundne av alle lysa. Prestegarden ligg ved ein populær turveg i Rosendal, så det er mange trimmande som på kveldsturen sin ikkje har unngått å få med seg den lysande forvandlinga på Malmanger.

– Det kjem også bilar her. Dei stansar ei stund, før dei snur og køyrer ned til bygda att.

Folk stoppar opp rett som det er for å ta inn synet. Enkelte tar bilde. Nokre slår av ein prat med Hans Jørgen, om både julelysa og om han og familien hans.

– Eg synest det er kjekt at folk stoggar og ser på lysa. Og også at dei stansar for å prate litt. Det er jo ein måte å bli kjent for folka i bygda på, seier Hans Jørgen.

Han fortel at lysa vil vera meir og meir på etter kvart som det nærmar seg jul, slik at folk kan ha glede av dei. Trettande dag jul blir dei slått av, og så tatt ned etter kvart. Det blir eit stort arbeid. Men det er lenge til. Først skal vi feira jul.

NY I PRESTEGARDEN: – Eg har vakse opp med å pynta masse til jul, og så har det berre balla på seg. Hans Jørgen Boge, ektefellen til soknepresten, har dekorert Malmanger prestegard.  På inngangsdøra heng dekorasjonen av  Snipp og Snapp som ynskjer velkommen.

NY I PRESTEGARDEN: – Eg har vakse opp med å pynta masse til jul, og så har det berre balla på seg. Hans Jørgen Boge, ektefellen til soknepresten, har dekorert Malmanger prestegard. På inngangsdøra heng dekorasjonen av Snipp og Snapp som ynskjer velkommen.


Artikkeltags