Over 60 møtte opp då Frode tente lysa: – Er blitt nokre tusen fleire sidan i fjor

– Det har blitt nokre tusen julelys meir sidan i fjor, seier Frode Ljones (43). I år lyser hagen hans opp vintermørket endå sterkare enn nokon gong. Ikkje sjeldan står folk utanfor huset hans og berre ser.