Vi er godt inne i desember, og desember betyr jul. Jula er ei høgtid som mange gler seg til. Den er for mange fylt med forventingar, glede og familie. Internett og butikkar er stappa fulle av alt ein treng til jul, og litt til. Vi som samfunn skapar så mange forventingar rundt jula. Og dei fleste har eit bilete av den perfekte jula med julebakst, juleverkstad, handling og juleavslutningar på skule og jobb. På sjølve julaftan skal ein rekke over alt. Eg har sjølv alt for mange gonger tenkt at eg skulle vore fleire plasser på ein gong. Maten skal vera perfekt, julepynten skal vera på plass og alle gåvene skal vera gjennomtenkte og klare for den store dagen. Og på sjølve julaftan (julekvelden) skal alle storkosa seg, det er jo trass alt jul, ikkje sant?

På den andre sida er jula for mange vanskeleg, og det kan det vera fleire grunnar til. Ein kan bli minna på det ein ikkje har, både økonomisk, i relasjonar og så vidare. Er ein einsam blir ein kanskje ekstra einsam rundt denne tida. Jula har også blitt veldig dyr, og dette er det nok mange som kjenner ekstra på i år.

Eg har ikkje med dette innlegget tenkt å drepa julestemninga til folk. For eg veit at for mange er jula fantastisk og fylt med nettopp glede, og det er veldig bra.

Det eg trur er viktig å tenka på, er at jula ikkje treng å vera perfekt for å vera bra. Ein treng ikkje den perfekte maten, eit hav av gåver og tonnevis av julepynt. Ein treng ikkje rekka over alt. Mi oppmoding no som vi er godt inne i desember, er at ein kan senka forventingane. At ein kan prøva å gjera meir av det ein sjølv synest er kjekt, og mindre av det som ein føler er forventa. Skap den jula som gir meining for deg og dine, og med dét trur eg også at stresset vil minka. Samtidig vil eg oppmoda alle til å bry seg litt ekstra om kvarandre i tida vi er inne i, for det er ikkje alle som har det like fint.

Kort oppsummert så treng altså ikkje juletida og julaftan (julekvelden) vera perfekt for å vera bra. Om så juletida «berre» blir heilt ok, så er det også greitt. Senk forventingane, gjer som du sjølv ynskjer, og ver saman med dei menneska som gjer deg glad.

Renate Olderkjær Kolaas