I fleire år har frivilligsentralen organisert julegåveaksjonen, der alle som vil kan bidra med ei julegåve eller fleire som kan gleda nokon som treng det litt ekstra på julaftan.

No er aksjonen for jula 2022 sparka i gang, og Veronica T. Thorsen i frivilligsentralen fortel at responsen alt er god.

– Det er berre eit par dagar sidan me la ut meldinga om gåveaksjonen, og me har alt begynt å få inn bidrag og telefonar. Eg er jo litt spent på om me vil merka at også kvarmannsen har fått mindre å rutta med i år i form av at me får inn færre gåver enn tidlegare, men ut frå responsen så langt er det lite som tydar på det, seier ho.

Behova får frivilligsentralen meldt inn frå andre tenester som Nav, rus- og psykiatrieininga, flyktningtenesta, barnevernet, sjukeheimane, heimetenesta med vidare. Mottakarane av gåvene blir heldt anonyme.

– Me reknar nok dessverre med at behova er større i år enn nokon gong før. Men den endelege fasiten på det veit me ikkje før alle listene er sendt inn. Fristen for å levera lister er 25. november. Så er det sånn at balansen mellom å vera over og under fattigdomsgrensa kan vera hårfin. Dersom ein ikkje er brukar av nokon av tenestene, men likevel ser at ein har behov for ei gåve, kan ein ta kontakt med oss, seier ho.

Matkorger

For at gåvene skal treffa mottakaren best mogleg, oppmodar Thorsen til at ein sender ei melding til frivilligsentralen i forkant. Ho oppmodar til å sjekka ut Facebook-sida til frivilligsentralen eller nettstaden Friskus for nærmare informasjon.

– Ein kan sjølvsagt gi kva ein vil, men det er kjekt å kunna gi gåver som går heim hos dei som skal få dei. Derfor kan ein gjerne senda ei melding, så får ein tilbake alder, kjønn og eventuelt ønske frå mottakar, samt tidspunkt for kva tid gåva kan bli levert. Ein kan gjerne også vipsa ein pengesum, også kan me kjøpa inn gåvene. Då får me med oss ungdommar frå faget «Innsats for andre», som blir med på handling og gåveinnpakking.

Nyleg fekk Thorsen og frivilligsentralen overrekt ei kjærkomen gåve på 200.000 kroner frå Sparebank 1-stiftinga. For i tillegg til gåveaksjonen har sentralen dei siste par åra delt ut matkorger før jul. Desse blir kjøpt inn hos lokale butikkar, som Thorsen seier gjer ein fantastisk jobb med å syta for at korgene vert så innhaldsrike som mogleg.

– Også desse matkorgene er populære, og også her reknar vi med at behovet er større i år enn før. Me les jo om lange matkøar hos Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon andre stadar, men desse har vi ikkje i kommunen vår, og det er litt av bakgrunnen for at vi starta opp med utdeling av matkorger til jul, fortel ho.