Gå til sidens hovedinnhold

K. Hjelmeland blir fusjonert inn i Hæhre Entreprenør

– Det meste blir som før, forsikrar dagleg leiar i K. Hjelmeland AS, Torgeir Moen.

K. Hjelmeland AS i Dimmelsvik har vore heileigd av Hæhre-gruppa sidan 2017. Denne månaden vert K. Hjelmeland AS fusjonert inn i Hæhre Entreprønær AS.

– Kvifor fusjon?

– Hæhre Entreprenør er ein del av konsernet Hæhre & Isachsen-gruppa, som er eitt av dei største anleggsselskapa i Norge. K. Hjelmeland og Hæhre har samarbeidd tett i mange år, og når selskapa fusjonerer vil vi oppnå endå høgare ressursutnytting på gjennomføring av prosjekt, utnytting av maskinpark og ikkje minst på erfaringsutveksling og kompetansedeling. I sum vil vi styrkja konkurransekrafta vår innan damplastring og arbeid på kraftstasjonar for norsk vasskraftsindustri, seier dagleg leiar Torgeir Moen.

– Betyr fusjonen noko for dei tilsette i Kvinnherad?

– K. Hjelmeland skal halda fram med å dyrka merkevara dei er kjende for, og ikkje minst den solide kompetansen. Dei skal framleis ha eit fokus på kjerneverksemda, samt vera representert i lokalmarknaden som før. K. Hjelmeland skal halda fram med å ha kontor i Rosendal og beheld namnet, forsikrar Moen.

– For tida held K. Hjelmeland på med sluttføring av eit veg- og VA-prosjekt for Kvinnherad kommune i Buavika (på Seimsfoss-sida av Lundsneset, red. mrk). Me har også ein del kortare jobbar og sprenging i nærområdet. Av større jobbar er me på eit prosjekt i Kvinesdal der me rehabiliterer fem fyllingsdammar. Ny plastring, heving av kjerne og ny krone. Me er også i Etne og held på med arbeid inne i kraftverket i Litledalen, fortel Moen.

Les også

Motvind Tysvær kom på vardebrenning i Uskedalen for å fortelja «skrekkhistoria» si

Kommentarer til denne saken