– Spennande å få bidra på kulturkafeen

Her ser du den blide gjengen frå Eining for Integrering og opplæring som underheldt på kulturkafeen førre veke. (Foto: Privat).

Her ser du den blide gjengen frå Eining for Integrering og opplæring som underheldt på kulturkafeen førre veke. (Foto: Privat).

Av
DEL

Kvar tysdag er det populær kulturkafé med mange gjester i Kulturhuset Husnes. Med jamne mellomrom er det ein halvtimes underhaldning i tillegg til god prat og kos med mat. Tysdag førre veke var det eit song- og musikkprogram ved elevar på Integrering og opplæring.

I programmet deltok elevar frå 11 ulike nasjonar som får undervisning i norsk. Dette er likevel berre ein liten del av elevgruppa. I løpet av fjoråret var elevar frå heile 31 nasjonar innom skulen.

Å synga er ein viktig del av å bli kjent med norsk kultur og språket dei skal læra. Fleire av elevane synest det er ekstra artig og motiverande å synga på eit nytt språk. Elevane presenterte nokre av songane dei har lært i undervisninga, og starta med velkjende og vakre «Gje meg handa di, ven» før dei gjekk over til «Tusenbein» som burde passa godt i desse influensatider. Etter det var det klart for Paulo frå Kongo som gav publikum ein smakebit på afrikanske rytmar gjennom song og trommespel. Han har tidlegare spelt i kyrkjer i heimlandet og har både god rytme og ei kraftig songstemme.

Frå dei afrikanske rytmane gjekk det over i norske dansesteg og norsk song då gruppa dansa seg gjennom tre vers av «Per Spelmann» før dei avslutta programmet med «Vestlandet» som var vinnarmelodi i Melodi Grand Prix Jr. i 2016. Applausen viste at publikum sette stor pris på programmet. Elevane fekk også mykje positiv respons i form av inspirerande tilbakemeldingar frå tilhøyrarane.

Det er mange gode songstemmer i gruppa, og her er verkeleg noko å henta for lokale kor. Dei er glade i å synga, og gjennom åra har fleire elevar frå Integrering og opplæring teke steget over i kvinnherske kor. No er også klassen så heldig at dei har både ein eminent pianist, Yuko Shuto frå Japan, og ein dyktig dirigent, Dmitrii Kuzmin frå Russland, i elevflokken.

Etter programmet var det moglegheit for å få ein interessant prat med både desse elevane og andre elevar frå endå fleire land. Då var det nemleg «snakkekafé» slik det er nokre tysdagar. Då er også norske deltakarar svært velkomne. Her kan ein få utvida kunnskapen sin om kultur og kvardagsliv i mange land. Denne snakkekafeen vert annonsert i Kvinnheringen.

Hilde O. Røssland
Birte Bruvik
Thor Inge Døssland

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags