KVV-elevar i det våte element

Fredag førre veke hadde andreårselevane på breiddeidrett på KVV ein halv fagdag med kajakk-padling under god leiing av medeleven Erik Voster Solberg.
Publisert

Som Kvinnheringen skreiv om i juni i fjor, hadde Erik sommarjobb på Kvinnherad Kajakksenter. Foreldra hans, Nils Ivar og Unni Lisbeth, starta opp senteret som eit enkeltpersonføretak og ei biinntekt for rundt ti år sidan. Men det låg litt i dvale, og Erik tok tak for å få liv i det igjen og for å skaffa seg ein sommarjobb. Senteret har base i eit naust i Sunde båthamn, der kursaktiviteten føregår. Erik går andre året på breiddeidrettslinja på KVV, og då lærar Magne Heien bad om innspel til kva dei kunne gjera på ein fagdag, var ikkje Erik sein med å føreslå kajakk-padling. Både læraren og medelevane blei gira, og førre fredag fekk KVV-elevane gratis minikurs og padletur med Erik og faren Nils Ivar.

Her ser du breiddeidrettsklassen på KVV som fekk ha ein halv fagdag med kajakk-padling, takka vere Erik Voster Solberg (fremst i kajakken).

Her ser du breiddeidrettsklassen på KVV som fekk ha ein halv fagdag med kajakk-padling, takka vere Erik Voster Solberg (fremst i kajakken).

– Eg skal ikkje ha breiddeidrett til neste år, derfor var det berre no det var mogleg å få dette gjennomført, fortalde Erik då Kvinnheringen var nedom Sunde.

Før elevane fekk setja seg i kajakkane, hadde Erik og faren Nils Ivar (til høgre) ein liten briefing med dei om generell tryggleik, og svarte på spørsmål.

Før elevane fekk setja seg i kajakkane, hadde Erik og faren Nils Ivar (til høgre) ein liten briefing med dei om generell tryggleik, og svarte på spørsmål.

Dei til saman 32 elevane, 18 gutar og 14 jenter, blei delte i to grupper som hadde ein halv fagdag med padling kvar. Erik instruerte medelevane sine i lag med faren Nils Ivar. Først fekk dei litt informasjon om tryggleik, og så skifta elevane til våtdrakter før det bar ut på sjøen.

– Vi padla ein god rundtur i fjorden utanfor Sunde, lengre enn først tenkt fordi dei var så flinke, fortalde Erik.

– Korleis var Erik som «lærar»? spurde vi den første gruppa som hadde vore ute og padla.

– Han er den fødde leiar! smilte Isaac Jørgensen.

Veldig profesjonell, meinte dei andre. Dei som ikkje hadde padla før, syntest det var lettare enn dei hadde trudd på førehand. Ingen snurra rundt i kajakken eller hamna i sjøen. Det var godt, for temperaturen var truleg ikkje meir enn ni grader.

Også lærar Magne Heien syntest det var topp at elevane fekk høve til å padla kajakk med Erik og Kvinnherad Kajakksenter.

– Ja, det var kjekt at Erik tok initiativ til dette. Breiddeidrettslinja driv med mange forskjellige idrettar som handball, fotball, basketball og ski, til dømes. Kajakk-padlinga går under emnet friluftsliv. Han og dei andre i klassen er ein veldig aktiv og treningsvillig gjeng, rosa Heien.

Nils Ivar Solberg viser elevane korleis dei skal sitja i kajakken for å få mest mogleg stabilitet og kontroll.

Nils Ivar Solberg viser elevane korleis dei skal sitja i kajakken for å få mest mogleg stabilitet og kontroll.

Ifølgje Erik var medelevane veldig flinke til å padla kajakk, og dei meinte han var ein flink lærar. Gjengen hadde det veldig moro på sjøen denne dagen.

Ifølgje Erik var medelevane veldig flinke til å padla kajakk, og dei meinte han var ein flink lærar. Gjengen hadde det veldig moro på sjøen denne dagen.

Erik nemner elles at kajakksenteret skal starta opp med eit nytt tilbod no: Dagskurs med innlagt padletur.

– Vi tilbyr frå før eit tretimars introduksjonskurs, og eit todagarskurs. Men kurs som berre varer éin dag har vore etterspurd, fortel han.

Dei som er interesserte i meir informasjon om kajakksenteret, kan sjekka ut sida på Facebook, der familien Voster Solberg legg ut kursdatoar, bilde og videoar.

Artikkeltags