Kammermusikkfestivalen avlyser

Leif Ove Andsnes. (Arkivfoto: Liv Øvland).

Leif Ove Andsnes. (Arkivfoto: Liv Øvland). Foto:

Onsdag ettermiddag melder Rosendal Kammermusikkfestival at årets festival blir avlyst.

DEL

Festivalen skulle etter planen gått av stabelen 6.–9. august, men på grunn av smitteverntiltaka har festivalleiinga avgjort å avlysa festivalen. Dette går fram av ei pressemelding frå festivalen.

Dei som har kjøpt billettar vil bli kontakta med informasjon om tilbakebetalingsordningar. Alle konsertane var utselde.

I pressemeldinga blir det òg opplyst at gjesteartistane får 20 prosent av avtala honorar som kompensasjon. Dei blir òg inviterte til Rosendal Kammermusikkfestival i 2022. Grunnen til at det går to år, er at planlegginga av 2021-festivalen er komen godt i gang, og andre artistar er invitert det året. Festivalprogrammet for 2022 blir så likt som mogeleg som årets program.

Festivalleiar Leif Ove Andsnes er naturleg nok lei seg:

– Det er trist å måtta innsjå at vi ikkje kan møtast til magiske seinsommarnetter for saman å fordjupa oss i Beethoven.

Andsnes har òg omsut for at frilansmusikarar har ei vanskeleg tid:

– Derfor er eg svært letta over at vi kan tilby artistane vi hadde invitert ein kompensasjon.

Den planlagde urframføringa av eit verk av Marius Neset, vil bli framført under ein lukka konsert som blir filma.

– Eg er glad for at vi fann ei løysing for ein streaming-konsert, slik at det ikkje blir heilt stille under festivaldagane i sommar, uttalar Andsnes i pressemeldinga.

Også Beethoven står på programmet under denne konserten, slik at Rosendal Kammermusikkfestival likevel får markert komponisten sitt 250-årsjubileum, som var tema for den avlyste festivalen.

Streaming-konserten blir delt på festivalen sine kanalar i sosiale medium som ei gåve til publikum.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags