Nils Trygve og Stian fekk revansj

Det var lenge jamt i tet-sjiktet, og det stod lenge mellom Tone Lillesletten (t.v.), Stian Skarvatun og Nils Trygve Markhus. Det var spenning heilt fram til siste slutt, og Nils Trygve kunne jubla etter han brøyta seg framfor Tone dei siste meterane før målstreken. Saman med Stian gjekk dei to vidare til finaledagane av Kamp Kvinnherad.

Det var lenge jamt i tet-sjiktet, og det stod lenge mellom Tone Lillesletten (t.v.), Stian Skarvatun og Nils Trygve Markhus. Det var spenning heilt fram til siste slutt, og Nils Trygve kunne jubla etter han brøyta seg framfor Tone dei siste meterane før målstreken. Saman med Stian gjekk dei to vidare til finaledagane av Kamp Kvinnherad.

To tidlegare deltakarar kjempa seg inn igjen i Kamp Kvinnherad etter heltemodig innsats i kleshengar-konkurransen.

DEL


Korttidsminnet til Nils Trygve er ikkje noko å skryta av, men i fysisk konkurranse hevda han seg. Stian Skarvatun fekk også vist at han er i god fysisk form, så lenge han ikkje treng blåsa opp ei madrass først.

Nils Trygve måtte tidlegare forlata Kamp Kvinnherad etter tapet i «Kims lek»-konkurransen, ei hugse-øving. Men plutseleg er Nils Trygve tilbake i kampen, med den førre øvinga friskt i minnet.

– Den hugseøvinga var absolutt den verste. Det var nett som å ta ein eksamen i gymnastida. Eg fekk jo heilt jernteppe med alle kameraa og folka som stod rundt og følgde med.

Nils Trygve meiner øvinga må ha vore ganske så kjedeleg tv for sjåarane, og det som kunne heva konkurransen betrakteleg var om det var fotballkort av dei store stjernene frå 80-talet som låg på bordet.

– Då hadde eg garantert stukke av med sigeren.

Slått på målstreken

I episode 19 og 20 bydde det seg ein sjanse for ein aldri så liten revansj for Nils Trygve, ein sjanse han ikkje let gå frå seg.

– Eg trur ikkje det var så mange av dei andre deltakarane som har hatt ein kleshengar mellom beina før, og attpåtil ei appelsin under kvar arm.

Nils Trygve er ein mann med konkurranseinstinkt, og han skyr ingen midlar for å ta seg vidare. Dette fekk spesielt ein deltakar merka då det berre var få meter igjen til mål.

– Eg er ein mann på 90 kilo, og det var ekstremt herleg å brøyta seg forbi Tone Lillesletten, som ikkje kan vera meir enn 50 kilo. Ho kryssa målstreken rett etter meg og slengte appelsinane inn på kyrkjegarden, det var heilt fantastisk!

– Å slå Tone i konkurransen var på lik linje med då Manchester United vann Champions League, held han smilande fram.

Og ikkje nok med det:

– Det var så herleg å slå ei som går på TrimX annankvar dag!

– Det er jo klart at vi som ligg på sofaen tre timar kvar kveld og et klementin fryktar ei dame som trener fem gonger i veka.

Og det var nett dette som førte til at Tone tidlegare blei stemt ut i Kamp Kvinnherad. Dette var også den verste opplevinga, minnast Nils Trygve.

– Det er ikkje kjekt å frårøva andre deltakarar sjansen til å komma seg vidare på den måten, men no kunne Tone kjempa seg inn igjen på lik linje med oss andre.

Om det hadde gått motsett veg og det var Nils Trygve som hamna på ein tredjeplass, er det ikkje råd å vita kva som hadde skjedd. Men konkurranseinstinktet til mannen kan tyda på at det nok hadde vore meir enn appelsinar som hadde funne vegen til kyrkjegarden.

– Sånn sett tok jo Tone det ganske så bra.

– No skal eg gi alt, lover Nils Trygve, som er overtent etter å ha komme tilbake i konkurransen.

– For «mammo»!

Stian Skarvatun frå Ølve var første deltakar som rauk ut av Kamp Kvinnherad, etter bademadrass-fadesen tidleg i konkurransen.

I torsdagens konkurranse var han heilt suveren då dei utslegne fekk kjempa om dei to billettane inn igjen i kampen.

– Det var veldig greitt å få ein ny sjanse etter tabben med madrassen. Det var mange rare øvingar der ute, som eg aldri har sett nokon stad, så det var jo ingen garanti for at eg skulle klara det, seier 32-åringen.

– Du er betre med kleshengar og appelsin enn bademadrass iallfall?

– Ja. Eg veit ikkje heilt kva som gjekk av meg. Eg er blitt mobba såpass mykje etter det med madrassen. Det har vore mobbing på jobb, og eg har fått tips til madrassar og kompressorar frå ulike hald. Eg følte vel at eg måtte visa noko no.

– «Eg må jo imponera mammo» ropte du like før målstreken. Trur du det trilla ei lita tåre i augnekroken til mor etter episoden torsdag?

– Eg får jo håpa det. Eg trur ikkje eg er heilt arvelaus enno, ler Stian.

– Korleis var opplevinga på Fjelberg?

– Ei oppleving for livet. Det var utruleg kjekt å få møta nye og kjekke folk. Eg kvidde meg før eg skulle inn, men frå første stund var det ein einaste stor opptur, avsluttar Stian.

Etter at Skarvatun og Nils Trygve Markhus tok seg inn igjen, er det no seks deltakarar som skal kjempa om å bli den aller første vinnaren av Kamp Kvinnherad og eit reisegåvekort på 10.000 kroner.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags