Reiste direkte til Tenerife etter kampen på Fjelberg

Geir har bytt ut øyparadiset i Kvinnherad med Tenerife. Han nyt no varme dagar i Spania etter den tøffe konkurransen på Fjelberg. (Foto: Privat).

Geir har bytt ut øyparadiset i Kvinnherad med Tenerife. Han nyt no varme dagar i Spania etter den tøffe konkurransen på Fjelberg. (Foto: Privat).

Geir Jakobsen trong eit avbrot etter å ha delteke i Kamp Kvinnherad.

DEL

56-åringen på gult lag utmerka seg som ein dyktig kokk i matkonkurransen, og viste si musikalske side då deltakarane skulle setja opp framsyning.

Men i støvelkastkonkurransen i episode 12, sa det altså stopp, og senterleiaren på Husnes måtte forlata prestegarden på Fjelberg og Kamp Kvinnherad som deltakar nummer to.

Jakobsen trong ein ferie etter 12 dagar i konkurransemodus, og reiste derfor direkte på solferie til ferieøya Tenerife etter kampen på fjelbergøyane.

– Det var forferdeleg kjedeleg, og ikkje forventa. Eg hadde som mål å stå heilt inn til finalen. Eg hadde ikkje trudd eg skulle ryka ut så tidleg, seier Geir på telefon frå solsenga.

– Slik går det når avisa finn på slike tåpelege konkurransar. Hadde det til dømes vore handbak mot Åsmund, hadde eg hatt ein sjanse. Støvelkast er for dei med lange bein, sjølv om eg tapte mot dei med korte òg. Kanskje det var teknikken som ikkje var heilt inne, undrar Geir.

– Korleis var det å vera med på Kamp Kvinnherad?

– Fantastisk kjekt. Ei god oppleving med mykje humor. På flyet til Tenerife kom det ein bergensar bort til meg og spurde om ikkje eg var ein av dei som var med i Kamp Kvinnherad. Så folk følgjer med! No har eg òg fått ein haug med trøstemeldingar etter at eg måtte reisa heim, avsluttar Jakobsen.

Geir Jakobsen blei deltakar nummer to som måtte reisa heim frå Kamp Kvinnherad og øyparadiset.

Geir Jakobsen blei deltakar nummer to som måtte reisa heim frå Kamp Kvinnherad og øyparadiset. Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags