Dette er Kamp Kvinnherad

    Av

    Lei av å sjå reality-tv med ukjende og fjerne deltakarar?

    DEL

    Då kan du gle deg til årets julekalender på Kvinnheringen.no og den første lokale reality-serien med berre lokale heltar frå Kvinnherad!

    Dei ti som deltek i den høgtidelege kampen kjem frå Ølve, Løfallstrand, Rosendal, Matre, Uskedalen, Husnes, Sunde, Valen og Halsnøy. Innspelinga har funne stad på vakre Fjelberg.

    I totalt 24 episodar får du sjå utøvarane bryna seg i større og mindre øvingar, både individuelt og i lag. Fram til og med julaftan blir vi nærare kjende med dei 10 sporty deltakarane, og til slutt blir ein av dei kåra som vinnaren av den aller første Kamp Kvinnherad!

    Benk deg framfor skjermen – dette må du få med deg!

    Abonnerer du på Kvinnheringen (på papir eller nett) er kalenderen gratis å sjå. Har du ikkje registrert deg som brukar på internett, kan du gjera det her.


    Send tekst og bilde «

    Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

    Artikkeltags